Nordic Mining er tildelt driftskonsesjon for eit omstridt gruveprosjekt på Engebø ved Førdefjorden. Selskapet har tidlegare fått løyve til å deponere 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden.
No meiner fleire organisasjonar at saksbehandlinga er ugyldig og krev omgjering av vedtaket.

– Vi meiner dette strid med både naturmangfaldslova, minerallova og forvaltningslova, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg
Felles klage er no sendt inn av Naturvernforbundet, Greenpeace Noreg, WWF Noreg, Norske Lakseelver, Nausta Elveeierlag, Sabima, Framtiden i våre hender, Noregs Kystfiskarlag, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Sogn og Fjordane Turlag og Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane.
Frå før av har Natur og Ungdom og Noregs Fiskarlag òg klaga på vedtaket.