Politiet bekymra over nye tal om ungdomsvald

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala, som er henta ut av Politidirektoratet på førespurnad frå VG, samanliknar talet på valdsmeldingar mot unge under 18 år i første halvdel av året mellom 2016 og 2020.

Meldingane gjeld brot på paragrafen 271 til 275 i straffelova, som omfattar kroppskrenkingar til og med drap. Statistikken viser at denne typen meldingar mot mindreårige har auka med 37,8 prosent dei siste fire åra.

Viss ein samanliknar tal for heile året i perioden mellom 2015 og 2019, er auken på heile 68,3 prosent.

– Politiet ser med bekymring på at talet på hendingar med ungdomsvald aukar frå 2015 og til i dag. Det er òg urovekkjande at valden blir grovare, seier seksjonssjef Kristin Elnæs for førebygging og etterretningsseksjonen i Politidirektoratet.

Sosiale medium kan bidra til auken

Erfaringa til politiet er at sosiale medium truleg bidreg til auken. Elnæs seier ungdom langt enklare kan mobilisere, varsle kvarandre og auke presset.

– Dermed kan ein konflikt som tidlegare involverte to personar raskt eskalere og inkludere fleire personar, seier seksjonssjefen.

Tal frå politiet i Oslo som NRK publiserte laurdag viser at ransmeldingar, der gjerningsperson mellom 10 og 17 år, har auka med 62 prosent frå 2015 til 2020. Seksuallovbrot med like unge gjerningspersonar har auka med 122 prosent, frå 23 i 2015 til 60 meldingar dei første sju månadene i 2020.

Oslo Met-student og fadder Edvin Eriksen (22) deltok på eit fadderveke-arrangement, med regnboge-glorie. Seinare på kvelden vart han skalla ned på grunn av dette. Foto: Privat