«Det kan ikkje vere vi mot dei: dei unge mot dei vaksne»

Therese Eide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget vart først publisert på Facebook, og er omsett og gjengjeve med velvilje.

I natt tikka det inn ei melding i min private innboks på Facebook, etter at eg og to andre frå mitt fadderstyre stilte til intervju på TV2.

Eg legg ved denne meldinga som ein vekkar til korleis folk er med kvarandre, og ikkje for å henge ut nokon (difor er den også anonymisert).

Dei siste vekene, og spesielt dei to siste dagane, har vore veldig vanskelege og tøffe å stå i. Det har vore mange avgjersler å ta, og kvar eineste avgjerd har blitt nøye overvegd av oss i styret.

Dei siste vekene, og spesielt dei to siste dagane, har vore veldig vanskelege og tøffe å stå i.

Ingen avgjersler har vore klinkande klare, og ingen avgjersler har hatt eitt klart rett og galt svar. Likevel kan eg stå inne for alle avgjersler som vi har teke i fellesskap.

Dei siste dagane har mediedekninga rundt fadderveka vore enorm, og det har eg full forståing for. Likevel synest eg det har vore e svartmaling av oss.

Vi har jobba frivillig dag inn og dag ut for å kunne gjennomføre denne veka – etter alle smittevernomnsyn. Og etter dei første dagane var det utroleg mykje bra vi opplevde.

Det var ingen kø på våre arrangement, vi hadde alle namn registrert på dei som var på offentlege stader og vi var synlege heile vegen.

At mykje ikkje har gått som planlagt når ein ser på alle faddervekene rundt om (oss inkludert), er jo heilt tydelig. Slik er det.

Men det som ikkje kjem fram er at mykje av det faktisk har gått ekstremt bra. Det som skjer no, i media og på sosiale medium, er at vi i fadderstyra, fadrar og studentar blir både mobba og på mange måtar kriminalisert.

Vi har jobba knallhardt for å gi alle nye studentar ei god og trygg start på studietida.

Vi har jobba knallhardt for å gi alle nye studentar ei god og trygg start på studietida – under trygge omstender, og eg er så sjukt stolt over det vi har fått til og det eg ser andre har fått til.

Vi unge står i dette, de vaksne står i dette. Vi vil gjerne kjempe saman med dykk, og vi håpar de vil kjempe saman med oss, slik at vi står samla.

Det vil alltid vere nokon som ikkje trør til i dugnaden, men slik er det uansett alder, yrke og liknande. Difor ber eg innstendig om at vi endrar haldninga til eit oss, og at vi ikkje sender meldingar slik som det eg fikk her, til kvarandre.

For at vi skal kunne slå denne pandemien må vi endre haldninga: Det kan ikkje vere vi mot dei, dei unge mot dei vaksne og fadderveka og studentane mot dei som reiser utanlands.

Det må vere eit OSS!

Therese Eide sit i faddestyret, men ynskjer å presisere at ho skriv dette som privatperson og ikkje som representant for styret.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no.