Arrangerer støttemarkering for Libanon: – Treng ein konkret plan for demokrati

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkte at dette er jo heilt uverkeleg. For berre nokre månadar sidan gjekk eg forbi der nesten kvar dag, seier student Marte Guldal Bramness (24).

I likskap med resten av verda var ho sjokkert over bileta av den gigantiske eksplosjonen i hamnekvarteret i Beirut tysdag 4. august.

Som del av sin bachelorgrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo reiste ho til Beirut for å studera arabisk ved Lebanese American University i Beirut.

Beirut – ei trygg hamn

Opphaldet vart forkorta på grunn av korona, men 24-åringen rakk å få eit godt inntrykk av både byen og folka som bur der.

– Trass i mange utfordringar i Libanon og landa rundt, har Beirut vore ei slags trygg hamn for folk i Libanon og Midtausten. Det er trist at dette kjem på toppen av det kaoset dei står i, seier Bramness.

Bramness skildrar Libanon som eit samfunn med store klasseskiljer. Fattigdom og korrupsjon er eit stort problem. Nesten 40% er arbeidsledige og nesten halvparten lever under fattigdomsgrensa, medan regjeringa og dei som sit der sit på store mengder rikdom.

Heldigvis overlevde alle dei ho vart kjent med, men 24-åringen understrekar at ingen kjem uskadd frå ei slik traumatisk hending.

OSLO: Solidaritet med Libanon

No har Bramness, saman med fleire libanesarar i Noreg, teke initiativ til ei støttemarkering framfor Stortinget. Tysdag 11. august klokka 17.30 skipar dei OSLO: Solidaritet med Libanon, der det mellom anna vil bli halde appellar og spelt libanesisk musikk.

Foto: OSLO: Solidarity with Lebanon/Facebook

Bramness håpar markeringa kan føra til ei større forståing for kva som føregår og inspirera folk til å hjelpa med det dei kan, anten det dreier seg om pengestøtte til libanesis Røde Kors eller å dela bodskapen i sosiale medium.

– Midtausten er ein region som ofte vert portrettert som ein stad der det er mykje kaos og som er langt unna, men det er folk akkurat som meg og deg. Det er éi verd me lever i, understrekar 24-åringen.

Jurist Khaled Zaza Dit Yafawi (32) jobbar saman med fleire andre initiativtakarar med å oppretta hjelpeorganisasjonen Active Lebanon, som skal gje hjelp direkte til innbyggjarar i heimlandet. Foto: Privat

Skipa ny hjelpeorganisasjon

Libanesiske Khaled Zaza Dit Yafawi (32) er ein av medarrangørane på støttekonserten.

Juristen har spesialisert seg på menneskerettar og ytringsfridom, og kom til Noreg som student i 2015. I dag jobbar han som konsulent med oppdrag for mellom anna NUPI og PRIO.

For to veker sidan tok han saman med fleire andre initiativ til å organisasjonen Active Lebanon, som dei håpar kan bidra til effektiv hjelp til heimlandet. Initiativet kom etter ei tragisk hending der ein 61 år gamal mann tok livet sitt i ei travel handlegate i Beirut. Mannen skal ha etterlate seg eit libanesisk flagg, sitt reine rulleblad og eit sjølvmordsbrev der han forklarar at årsaka til handlinga var at han ikkje kunne brødfø familien og valde å ta sitt eige liv, framfor å ty til kriminalitet.

Eksplosjonen gjorde initiativet endå meir aktuelt og for få dagar sidan sende initiativtakarane inn papira for å registrera organisasjonen.

Trudde det var eit attentat

I samband med jobb har Yafawi mykje kontakt med heimlandet og fekk difor beskjed om den dramatiske eksplosjonen kort tid etter han fann stad.

– Min første tanke var at det var eit attentat. Så hadde du dei neste 15-20 minutta der ein prøver å kontakte familie og vener, så byrja informasjonen å koma, minnast 33-åringen.

Familien var av dei heldige og kom frå det utan alvorlege skadar, men på grunn av skadar på huset bur dei no hjå andre.

Les også om psykologistudentane som reiste på feltarbeid til flyktningleirar i Libanon: – Vi treng kunnskap for å hjelpe flyktningar

Psykologistudentane Svanhild Amdal Telnes (i midten) og Snit Hagosa Ghebriel reiste til Libanon for å forska på den psykiske helsa til flyktningar. Foto: Snit Hagosa Ghebriel

Ikkje tillit til regjeringa og etterforskinga

Yafawi fryktar at den øydelagde hamneporten, som gjer at den einaste hamneinngangen til Libanon og Syria er den mykje mindre hamna i Tripoli, vil føra til ytterlegare mangel på varer og vidare devaluering av det libanesiske pundet.

Men akkurat no er 32-åringen oppteken av etterspelet av eksplosjonen, at det kjem ei ny uavhengig regjering og at det vert ei uavhengig gransking av katastrofen.

– I Libanon er det ikkje noko transparens og etterforskingar vert vanlegvis brukte til å skjula bevis. Det er ikkje noko tillit til rettsvesenet, forklarar Yafawi.

– Treng ein konkret plan for demokrati

32-åringen gler seg over nyheitene om at regjeringa trekker seg, men er forsiktig optimist når det kjem til endring. Frykta er at det vil ta tid før ei ny regjering på plass. Han peikar vidare på at det også er lite tillit parlamentet og til presidenten, som skal peika ut ein ny statsminister.

Folket krev difor eit nytt val og Yafawi meiner den nye regjeringa må vere uavhengig av den gamle, samt ha ministrar som kan sine felt.

– Me treng ein konkret plan for demokrati og ansvarlegheit, som er ein viktig pilar i eit kvart demokrati, understrekar han.

Håp for framtida

Det som derimot gjev han håp er bileta av korleis folket i Libanon tok fram feiekostane sine og sjølv tok til gatene for å rydda opp etter eksplosjonen.

Han meiner at det er viktig å sikra ro og stabilitet i heimlandet, for å bidra til fred i regionen.

– Ser du på kva som helst terrororganisasjon, finn du diverre ein libanesar. Libanesarar kan vera akademiske ressursar. Dei er ressursfulle og kan vera det anten på godt eller vondt, me vil bidra til at det vert for det gode, avsluttar han.

________________________________________________________________________

Les også: Libanesiske Chadi (27) om eksplosjonen i Beirut: – Alt berre kollapsa

Delar av Beirut er jamna med jorda. Chadi Kanawati var i Beirut då eit lager i hamneområdet eksploderte. Foto: AP Photo/Hussein Malla, Privat