Barnevernsproffar: – Barn vil bli samarbeidde med, ikkje hjelpte av ekspertar

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Barn sine erfaringar og råd om korleis barnevernet skal vere må vere grunnlaget heile barnevernssystemet vert bygd opp rundt, seier Mathilde (18) og Michelle (21).

Dei er to av fleire hundre barnevernsproffar rundt i landet. Dei vert kalla proffar fordi dei reknast som proffe på systemet dei er inne i – og gjennom den ideelle stiftinga Forandringsfabrikken arbeider dei for å forandre barnevernet til det betre.

Proffane i Forandringsfabrikken gir råd til Noreg om korleis skule, psykisk helse og barnevern kan bli best mogleg. Her er nokre av dei 300 som er aktive no, deriblant Mathilde og Michelle.

Barnevernsproffane lyftar svar som går igjen frå barn over heile landet, og deler frå eiga historie for å forklare denne kunnskapen:

Det var dei vaksne som vart lytta til, meir enn meg, som jo var den som skulle vernast.

– Barn og unge i barnevernssystemet må møtast med eit grunnsyn om at dei gjer så godt dei kan, utifrå korleis dei har det inne i seg, seier Mathilde, og med bakgrunn i eiga erfaring poengterer ho:

– Viss ein tenkjer slik om barn, så kan ein ikkje kalle dei farlege. Då er ein oppteken av å kome til botns i kva det er som gjer vondt, heller enn å bli kvitt den uønskte åtferda.

Dei vaksne som vart lytta til

Norsk barnevern har fått skytsen retta mot seg frå mange hald dei siste åra, mellom anna gjennom ei rekke saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Ein fellesnemnar for mykje av denne kritikken er at det er vaksne sitt perspektiv, og vaksne sin rett til familieliv, som står i sentrum. Proffane på Forandringsfabrikken er derimot opptekne av å lyfte barn sine erfaringar og råd.

– Eg er glad for at barnevernet var til stades, men dei mangla kunnskap om korleis dei skulle møte meg. Det var dei vaksne som vart lytta til, meir enn meg, som jo var den som skulle vernast, seier Michelle.

I ei undersøking Forandringsfabrikken har gjort der 110 barn i alderen 6 – 12 år har delteke kjem det fram at tre av fire av barna ikkje hadde fortalt det viktigaste dei ville fortalt til barnevernet. Dei sa dei opplevde barnevernet som for utrygt til å fortelje dette.

– Det er heilt avgjerande at ein får barnet til å kjenne seg trygt. Elles vil ein ikkje få høyre det viktigaste barnet har å fortelje, seier Michelle.

Det offentlege ordskiftet handlar ofte om foreldre, utan vi som lev med det og i det får uttale oss.

Kritisk til reforma

Arbeidet er i gang med ein reform av norsk barnevern, som skal tre i kraft i 2022. Reforma skal gje meir ansvar til kommunane på barnevernsområdet, og styrke kommunane sitt førebyggande arbeid og tidlege innsats.

Dordi Boksasp Lerum (17) er barnevernsbarn og leiar for Senterungdommen i Møre og Romsdal. Ho er ikkje overtydd av regjeringa sitt framlegg til reform av barnevernet.

– Desentralisering i seg sjølv er bra, men eg fryktar at barnevernsreforma vil føre til at postnummeret ditt i enda større grad har noko å seie for om du får hjelp, meiner Dordi Boksasp Lerum (17), som sjølv er barnevernsbarn og leiar i Senterungdommen Møre og Romsdal.

– Om du til dømes veks opp i ein fattig kommune kan det i verste fall føre til at du får dårlegare hjelp samanlikna med om du bur i ein rik kommune.

Etter Lerum sitt syn står den planlagde reforma heller ikkje i stil med dei omfattande strukturendringane som trengs i barnevernet. Ei av sakene ho er særleg oppteken av er å få innført eit kompetansekrav om mastergrad for dei som arbeider i barnevernet.

Barnevernet er for mange, inkludert meg sjølv, noko av det mest livsavgjerande som har skjedd.

– Det skulle eigentleg berre mangle for menneske som må ta komplekse og vanskelege avgjerder, som får så enorme konsekvensar for dei som er involverte.

Lerum er samd med proffane i Forandringsfabrikken om at barnevernsbarn sine perspektiv vert lyfta i altfor liten grad.

– Det offentlege ordskiftet handlar ofte om foreldre, utan vi som lev med det og i det får uttale oss, seier ho, og legg til:

– Barnevernet er for mange, inkludert meg sjølv, noko av det mest livsavgjerande som har skjedd. Vi treng store strukturendringar, og vi treng det no!

Fleire av medlemmane våre fortel at barnevernet kom inn for seint, og at hjelpa dei kom med var for lita.

Kompetansekrav i framtida

I Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) er dei glade for at reforma tek sikte på å gje kommunane moglegheit til å satse meir på førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Det fortel leiar av foreininga, Vilde Adolfsen.

– Dette er svært viktig då fleire av medlemmane våre fortel at barnevernet kom inn for seint, og at hjelpa dei kom med var for lita.

I likskap med Dordi Boksasp Lerum har Adolfsen frå LFB vore bekymra for konsekvensane av at reforma vil leggje så mykje ansvar over på kommunane.

Vilde Adolfsen er leiar i Landsforeningen for barnevernsbarn. Dei meiner barnevernsreforma er eit steg i rett retning – sett i samanheng med to andre viktige reformar som også er undervegs no.

– Vi i LFB har levert høyringssvar der vi understreka at det må førast tilsyn med arbeidet som barnevernet i kommunen gjer. Det opplever vi har blitt teke på alvor, då det no er bestemt at dei skal rapportere til kommunestyret. I tillegg kjem tilsynet frå fylkesmannen.

Adolfsen er også oppteken av å sjå reforma i samanheng med to andre prosessar som føregår parallellt, nemleg arbeidet med ny barnevernslov og kompetansestrategien for kommunalt barnevern. Ho er samd med Boksasp Lerum i at det burde vere eit nasjonalt kompetansekrav for å arbeide i barnevernet, noko som no er foreslått av regjeringa.

– Regjeringa har to høyringar ute om nasjonale retningslinjer for to nye masterutdanningar. Vi utarbeider svar til desse no.

Eit slikt kompetansekrav vil ifølgje Adolfsen vere med på å sikre eit godt tilbod når større ansvaret for barnevernet vert gitt til kommunene i 2022. Det er likevel ikkje foreslått å innføre det samtidig som reforma, men fyrst i 2030.

– Det er lenge til?

– Ja, men det ville vere urealistisk å forvente at det skulle skje over natta. Vi set pris på viljen til å innføre kompetansekrav, og konsentrerer oss heller om kva vi kan oppnå av delmål på vegen dit.

At kommunene får eit større ansvar er bedre for barn, fordi dei som arbeider i barnevernet kjem tettare på

Kjem tettare på

Tilbake på Forandringsfabrikken sine kontor i Oslo er Mathilde og Michelle forsiktig positive til den planlagde reforma.

– At kommunane får eit større ansvar er bedre for barn, fordi dei som arbeider i barnevernet kjem tettare på, og nærare dei andre personane barn er i kontakt med, seier Mathilde.

– Det er også mindre sjanse for at avgjerder om barna vert tekne av nokon som ikkje kjenner dei, legg Michelle til.

Barn vil bli samarbeidd med, ikke hjulpe av ekspertar.

Kravet om meir utdanning i barnevernet er ikkje eit svar barn i undersøkingane er så opptekne av. Heller enn ekspertkunnskap vil dei at dei vaksne i barnevernet skal tileigne seg kunnskap frå barn og unge, om korleis dei treng å bli møtt.

Michelle og Mathilde er redde for at meir utdanning kan gjere at barnevernsarbeidarane får enda meir fokus på å vere ekspertane i barn sine liv.

– Når det er sånn kan dei ikkje hjelpe barn, seier dei.

– Barn vil bli samarbeidd med, ikke hjelpte av ekspertar.

Frå venstre: Ivar Mekonnen Germiso Arnesen og Eirik Toressønn Myrvold i utvalet for fred, forsvar og migrasjon i Grøn Ungdom meiner barnevernet må ha ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkjarar – også dei over 15 år. Foto: Privat

Dette meiner barnevernsbarn om reforma

I 2022 kjem ein barnevernsreform som skal gje meir av ansvaret for barnevernet til kommunene, og styrke det førebyggande arbeidet. Den ideelle stiftinga Forandringsfabrikken har gjennomført fleire undersøkingar med til saman 1700 barn som har vore i barnevernssystemet. Bygd på hovudsvara frå desse har barnevernsproffar oppsummert nokre hovudpunkt:

  • Bra med meir ansvar til kommunene. Det gjer at dei som kjenner barna best kan vere med på å bestemme meir av korleis hjelp barna skal få.
  • Bra med satsing på tidlig innsats, men må gjerast på ein trygg måte. Barna må få informasjon og avtalast med, og alle avgjerder må takast saman med dei.
  • Bra med moglegheit for bedre fosterheimar. Kommunene kan spørje barna kva som trengs, slik at forsterheimar blir meir tilpassa barna. Barn ønskjer seg mindre ekspert-tenking om fosterheimar, og meir vekt på at det skal vere ein ordinær heim.
  • Bra med moglegheit for skreddarsydde tiltak. Men dei må ikkje ta utgangspunkt i åtferd, og barn må få velje sjølv om dei vil ha dei.