Ny rapport avslører alvorleg svikt i barnevernet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statens helsetilsyn har totalt gått gjennom 106 barnevernssaker frå 60 kommunar over heile landet. Sakene har vore behandla i fem ulike fylkesnemnder mellom januar 2016 og mai 2017.

I rapporten, som vart lagt fram torsdag, konkluderer helsetilsynet mellom anna med at «det er stor grad av variasjon i om barnevernstjenestenes arbeid er i tråd med god praksis. I de fleste saker har det vært både god praksis og svikt. Den mest alvorlige svikten er at barnevernstjenestene i svært mange saker ikke bruker den informasjonen de har, og den kompetansen de besitter, til å gjøre en grundig vurdering av det enkelte barns behov».

Les også: Barnevernsborn vil ha krav om ettervern: – Det følast som vi vert gløymde når vi vert 18 år.

Tek ikkje omsyn til barna sine synspunkt

Rapporten peikar òg på at sjølv om barnevernet har snakka med barna i alle fasar, så viser det seg at sjølv om synspunkta til barna er skrive ned, er dei ofte ikkje teke omsyn til i vurderingane eller brukt i argumentasjonen for viktige avgjerder, noko som reduserer moglegheita deira til reell medverknad

Rapporten stiller òg spørsmål ved om barnevernstenesta har forsikra seg godt nok om at foreldra har forstått det kontaktpersonane har villa formidle. Dette gjeld både norske foreldre og foreldre som har vakse opp i andre land.

Samtidig slår tilsynet fast at barnevernstenestene gjer grundige og gode analysar i saker som gjeld heilt små barn og spedbarn.

Rapporten er laga på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.

Les også: – Det er så mange som ikkje høyrer etter når ungdom snakkar