Stavanger er første by der dei unge kan klage til barnevernet sitt via Facebook, telefon, samlingar eller direkte kontakt, og ikkje gjennom Fylkesmannen, fortel NRK.no.
LES OGSÅ: Åtte av ti barnefamiliar nøgd med barnevernet
– Ungdommane kan enten seie meininga si i samlingar vi har, anonymt eller framfor alle. I tillegg finst det lukka Facebook-grupper og dei kan snakke med ein av oss som jobbar her, fortel prosjektmedarbeidar i barne- og ungdomskontaktprosjektet Randi Torstensen til NRK.no.
Prosjektet er del av eit nasjonalt utviklingssamarbeid som stiftinga Forandringsfabrikken driv. Førebels er nokre få ungdommar med , men rundt 100 personar skal kontaktast i tida som kjem. Prosjektet i Stavanger skal vare i tre år, og har fått ein stillingsheimel og midlar frå fylkesmannen.
LES OGSÅ: Asylbarn tøyar kapasiteten til barnevernet