Vi skreiv ei agurksak om agurksaker

Kva er ei agurksak? Kvifor heiter det agurksak? Og kva synest dei som skriv agurksaker, om agurksaker?

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For ein sommarvikar i avis er den berømte «agurksaka» ein del av kvardagen. Kvar sommar kjem dei: saker om skilt på avvegar, dyr som har forvilla seg inn i hagar, lokalbefolking som er rasande over noko ein ikkje hadde skrive om til vanleg.

Men kor kjem omgrepet «agurksak» frå? Og kven er menneska som faktisk skriv desse agurksakene?

Framtida-redaksjonen blei nyfikne på svar. Under jakta på agurksaka kom vi over ein kenguru på rømmen, ein blome til besvær, og uante tyske namnerøter.

Så her er den, agurksaka vår om agurksaker.

Brant seg på flora-feil

Marcus Selsås er inne i sin femte veke som sommarvikar i Haugesunds Avis når Framtida ringjer han for å slå av ein prat om agurktida.

Eg skreiv ei sak om ein blome. Kjempebjørnekjeksen.

Marcus Selås. Foto: Mathias Brandt

– Eg er veldig glad i byen min, so å få formidle nyheiter om kva som skjer i Haugesund er kjempegjevande, seier Selsås.

Agurknyheiter har han ikkje so mykje til overs for.

– Eg tenkjer med ein gong at agurksaker ikkje er interessante, seier han.

Selsås trur folk er glade i agurktid fordi ein knyttar det til ferien.

– Ferieavvklinga er ei tid som kjem kvart år, og som er etterlengta for mange. Ein kan vel seie at ferie og agurknyheiter heng saman.

Kjempebjørnekjeks. Foto: GerardM/nl.wikipedia

Sjølv hugsar han eit ublidt møte frå ei agurksak har har skrive i sommar.

– Eg skreiv ei sak om ein blome. Kjempebjørnekjeksen.

– Eg intervjua ein botanikar til saka, og han refsa meg for at eg nytta feil omgrep.

– Feil omgrep?

– Ja. Eg skreiv «fauna». Men det korrekte omgrepet var «flora». Han var ikkje so glad for at eg skreiv feil.

Selsås understrekar at han meiner det var ei viktig sak å skrive.

– Kjempebjørnekjeksen gjev frå seg ein giftig saft, som kan gje alvorlege brannskadar om han kjem i kontakt med hud. Som ein lokal formidlar har vi eit ansvar for å informere om det, fordi kjempebjørnekjeksen er til stades i Haugesund.

Sauregurkenzeit

Men kvifor heiter det agurktid? Kva kjem namnet av?

Nokre av journalistane vi har prata med trur det kan ha å gjere med at ein agurk er 95% vann, og difor er tappa for innhald. Andre trur det er fordi nokon skreiv ei keisam sak om ein agurk ein gong, og namnet aldri gjekk vekk.

Språkrådet har på sine nettstader fleire teoriar. Dei trur namnet er henta frå det tyske Sauregurkenzeit(en), og at det har vore i bruk i Noreg sidan 1800-talet.

Men når det kjem til kvifor det blei kalla «sauregurkenzeit(en)», har Språkrådet fleire forklaringar. Teori éin går ut på at omgrepet kjem frå den tida på å året då kjøpmenn i Berlin sylta agurkar. Det skjedde på sommaren, fordi det ikkje skjedde mykje anna på den tida av året.

“Napoléon kjem til Berlin” av Charley Meynier (1806) – står det nokon og skriv den fyrste agurksaka i dette biletet?

Språkrådet trur også namnet kan kome frå hebraisk, og handle om dei tre vekene i året jødane sørga over øydelegginga av tempelet i Jerusalem.

Men dei skriv også at det godt kan hende begge desse forklaringane er heilt feil.

Språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamane) sa i 2015 til Online.no at han trur namnet kjem frå somrane då journalistane blei sende til marknaden for å sjå kva prisen på agurk var, i mangel på betre nyheiter.

Så kor kjem namnet frå? Det er ikkje godt å vite.

20-åring kjefta på bru

Framtida har også snakka med Mathias Brandt, ein kollega av Marcus i Haugesunds Avis. Vi spør Brandt om han har skrive nokre agurksaker sjølv.

Mathias Brandt. Foto: Privat

– Eg veit ikkje om eg kan kalle dei agurksaker, seier han, og tenkjer seg om.

– Jo, det kan eg jo.

– Eg skreiv ei sak om ein 20-åring som meinte at fleire gater i Haugesund har feil namn. Til dømes har vi ei bru som heiter Karmsund bru. På dialekta vår seier ein «bro», og ikkje «bru». Det likte han ikkje i det heile tatt.

Men for Brandt og dei andre sommartilsette i Haugesunds Avis må ei noko uvanleg soge om ein kenguru seiast å vere eit agurk-høgdepunkt i sommar.

Kenguruen Ken

– Ja, kenguruen, ja, humrar Selsås over telefonen.

– Ah, kenguruen. Det var eit dagleg prosjekt, seier Brandt.

Historia om ein kenguru som har rømt frå dyreparken på Torvastad har vore ein snakkis i Karmøy-området sidan han hoppa over gjerdet i mai.

Dei kunne ha bygd gjerdet litt høgare.

– Eg trur ikkje så mange utanfor Haugesundsregionen visste at det var ein dyrepark her, seier Selsås.

Han visste det ikkje då, men han hadde vore borti saka før kenguruen ein gong var komen på frifot.

Skjermdump frå Haugesunds avis på nett.

– Eg hadde eit intervju med eit lokalt firma som hadde fått ein millionavtale om å byggje eit gjerde mot grensa til Finland, seier han.

– Det var ein skikkeleg gladsak. So fann eg ut at det var det same firmaet som hadde bygd gjerdet kenguruen hoppa over. So dei kunne kanskje ha bygd det litt høgare.

Inntil vidare har kenguruen levd eit lykkeleg liv i naturen på Torvastad. Eigaren av dyreparken trudde kenguruen ville kome att etter eit par dagar. Men so gjekk det to månadar.

– Det gjekk ut ein dagleg telefon til jaktlaget for å finne ut kva ståa var, seier Selsås på telefonen.

– Han er gripen no, då!

Agurksaka får Noreg til å gå rundt

Det er ikkje godt å vite kor omgrepet «agurksak» kjem frå. Og ein må innrømme at mange agurksaker tøyer strikken for kva ein kan seie har nyheitspotensiale.

Sjå til dømes den ikoniske saka i Salangen-nyheter frå 2016 om graset som berre «veks og veks».

Skjermdump frå Fosna-folket og Fjordingen.

Men det er ein gong slik at vi har ein stor medieflora (ikkje fauna) i Noreg, og er velsigna med ein kultur for aktive lokalavisar. Og då må dei bli fylde på sommaren også. Så må vi kanskje berre forholde oss til agurksesongen óg.

På den ljose sida gjev den oss saker om båe kenguruar og kjempebjørnekjeks (betalingsmur).

Instagram-kontoen BA-desken finn gullkorn i lokalaviser sitt blikk på verda. Foto: BA-desken