Kvifor smiler ikkje mannlege forfattarar?

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ein lummer ettermiddag i juni. I eit gardsrom på Grünerløkka prøvde eg etter beste evne å posere til det som skulle bli forfattarportrettet på debutboka mi.

– Eg vil ikkje sjå deppa ut, svarte eg, då fotografen ba meg om å slutte å smile så mykje.

På andre sida av objektivet såg eg Tine Poppe få eit oppgitt uttrykk i ansiktet. Ho hadde fotografert hundretals forfattarar før meg, og det viste seg at reaksjonen min passa inn i eit mønster ho hadde lagt merke til:

– Kvinner har ein tendens til å velje forfattarportrett der dei smiler. Menn gjer det så godt som aldri, sa ho.

Ein kvinneleg forfattarar skal ikkje trenge å sjå ut som ein fotomodell!

Årsaken til dette meinte ho var enkel.

– Dei fleste ser jo penare og meir sympatiske ut når dei smiler. Mange kvinnelege forfattarar prioriterer det når dei skal velje bilete, kanskje fordi det passar betre med sosiale forventningar som framleis finst for kvinner.

Dei er alvorlege, dei er menn, og dei gir ut bok på Samlaget denne hausten. Frå øverst til venstre mot høgre: Bår Stenvik, Rune Markhus, Olav H. Hauge, Mads Rage, Odd Goksøyr, Harald Nortun, Frode Grytten, Atle Hansen, Jon Fosse og Odd Eirik Færevåg. Alle foto: Samlaget.

Mannlege forfattarar er derimot oftare opptekne av å sjå seriøse ut, fortalde Tine Poppe, og la til at ho håpte at kvinnelege forfattarar ville bli meir medvitne om korleis dei valde å framstå.

– Ein kvinneleg forfattar skal ikkje trenge å sjå ut som ein fotomodell!

Mona Lisa som strategi

Kunne det stemme? tenkte eg då eg rusla nedover Markveien etterpå. Sjølv har eg hatt ei oppfatning av at forfattarportrett er ein svært så alvorleg sjanger, enten det er snakk om kvinner eller menn. Derifrå kom mi naive førestilling om å skilje seg ut ved å smile.

Eg bestemte meg for å sjekke stoda.

«Mona Lisa» av Leonardo da Vinci. Foto: Wikimedia commons

Ved å telje gjennom forfattarportretta i haustkatalogane for skjønnlitteratur frå Samlaget, Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal, Flamme, Kolon, Tiden og Oktober danna det seg raskt eit bilete, i både bokstaveleg og overført tyding.

Men fyrst måtte eg forhalde meg til eit problem.

Som kjent er det lite som er svart og kvitt i litteraturen, og slik viste det seg også å vere med forfattarportretta. For ein overraskande stor del av dei viste det seg nær umogleg å avgjere om det var eit alvorleg eller smilande ansikt eg såg på.

Eg bestemte meg for å kontakte nokre alvorlege menn og spørje.

Til slutt måtte eg lage ein eigen kategori for desse bileta, som eg kalla Mona Lisa, etter verdas best kjende uutgrunnelege ansiktsuttrykk. Alle portrett eg måtte sjå på i over tretti sekund for å avgjere kvar dei høyrer heime har havna i «Mona Lisa»-gruppa.

Alvorlege menn

Når det gjaldt dei alvorlege mannlege forfattarportretta var det ikkje noko problem å stadfeste hypotesen. Heile 83 % av dei mannlege forfattarane valde portrett av seg sjølv der dei såg alvorlege ut. 10,4 % gjekk for Mona Lisa-strategien, medan kun 6,5% – det vil seie fem stykk(!) – smilte.

Kva kunne vere forklaringa på ein så gjennomgåande tendens?

Eg bestemte meg for å kontakte nokre alvorlege menn og spørje.

Folk kunne jo komma til å tru at det er ein dans på roser å vera forfattar

– Ja, eg kunne vel ha vald eit bilete der eg smiler, sa Mads Rage, som i haust gir ut romanen Tre vener og ein dum ting på Samlaget.

– Men i samarbeid med fotograf, redaktør og andre kjende eg ikkje noko behov for å trumfa gjennom at eg på død og liv skulle smila på portrettet, som om det er eit feriebilete der eg skal syna fram at eg har det kjekt.

– Folk kunne jo komma til å tru at det er ein dans på roser å vera forfattar, sa Mads Rage om kvifor han ikkje har valgt eit forfattarportrett der han smiler. Foto: Marie Sjøvold/Samlaget

– Meir pragmatisk så har den nyaste boka mi ein litt mørk design, så det ville kanskje ikkje ha passa inn der, men på portrettet frå den førre boka kan ein vel sjå snev av eit lurt smil.

Å smile genuint og vellukka på bilete synest eg er ein krevjande idrettsgrein!

Heller ikkje Simen K. Nielsen, som debuterer med diktsamlinga Incunabula på Aschehoug, har valgt å smile på forfattarportrettet sitt. I likskap med 90 % av dei ni mannlege debutantane eg talde, er han alvorleg. Det same gjeld kun 47 % av dei 17 kvinnelege debutantane.

Min assosiasjon omkring forfattarportrettet var eit som låg midt mellom smilet og sorga, seier Simen K. Nielsen. Foto: Anne Valeur/Aschehoug

– Bileta som vart tekne av meg var faktisk kjemisk frie for eintydige smil, men med eit og anna tvetydig «Mona Lisa»-smil, om du vil. Eg forsøkte å anlegge eit slags nøytralt uttrykk som ikkje dreia i overkant mykje mot det tunge eller over-entusiastiske.

– Kunne du ha valt eit bilete der du smiler?

– Ja, dersom eg kjende at det fungerte visuelt, og ikkje framsto for tilgjort. Å smile genuint og vellukka på bilete synest eg er ein krevjande idrettsgrein!

Smilande kvinner

Etter oppteljing av dei 73 kvinnelege forfattarportretta måtte eg for alvor innrømme at Tine Poppe var inne på noko. Medan 83,1% av dei mannlege forfattarane valde eit alvorleg forfattarportrett, gjorde berre 42,9 % av kvinnene det same. At det er meir innanfor å smile som kvinne, med 35,1 % som smiler med tenna, og 22,1 % som smiler som Mona Lisa, var det såleis liten tvil om. Men kvifor?

Var årsaken til denne skilnaden at kvinner var opptekne av å sjå pene ut, medan menn ikkje var det?

Det er 99% forfengelegheit som styrer val av portrett.

Heidi Furre tok sitt eige forfattarportrett før debuten i 2013.

– Nei, meinte Heidi Furre, som både tek forfattarportretta på Flamme forlag og gir ut bøkene sine der.

– Forfattarar skil seg ikkje frå andre menneske som skal bli portrettfotografert. Det viktigaste er å sjå bra ut, for både menn og kvinner! Det er 99 % forfengelegheit som styrer val av portrett.

– Kva med ditt eige forfattarportrett? Kvifor valde du som du gjorde?

– Åh, nei det vart tatt fort og gale, utan så mykje tanke bak, før eg debuterte i 2013. Hadde eg visst då at det skulle bli ansiktet mitt utad i media ville eg kanskje lagt litt meir i det … Samtidig så er det jo berre eit bilete. Det er bøkene som tel.

Teorien til Heidi Furre viste seg å stemme med det Peter Strassegger, ein av fem mannlege forfattarar som smiler på biletet sitt, fortalde då eg fretta han ut.

– Eg valde biletet fordi eg syntest det var det finaste. Eg er ein fyr som smiler mykje naturleg, og då kjennest det påtatt å skulle vere så alvorleg på portrettet.

– Kvifor trur du så få mannlege forfattarar vel som deg?

– Kanskje er det fleire menn som synest det å skulle bli tatt bilete av er ubehageleg? Det er noko utlevarande over det å smile, ein skal tørre det, og stå for det. Kanskje kjennest det lettare å halde ansiktet nøytralt.

Peter Strassegger og Øystein Orten er to av kun fem mannlege forfattarar som har valt portrett der dei smiler med tennene. – Sist eg brukte eit smilande portrett var vel under debuten i 1995, då eg sikkert var glad og lukkeleg for at eg fekk gje ut ei bok, fortel Orten. Sidan har det vore alvorsame fjes eg har synt fram. Heilt til no.

I helvetes forgard

Av Heidi Furre blei eg tipsa om å ta kontakt med idéhistorikar og forfattar Hilde Østby, som ho hadde høyrt hadde eit kvinneleg forfattarportrett utanom det vanlege.

Dette er Hilde Østby sitt forfattarportrett på den siste boka hennar, Kreativitet (2020). Ho har til gode å sjå det brukt i avisa. Biletet er teke av den fem år gamle dottera hennar.

Hilde Østby lo høgt inn i telefonen då eg forklarte ærendet mitt. Det viste seg at ho heldt på med akkurat same prosjekt som meg, i det som skulle bli ein Samtiden-artikkel seinare i haust.

Heldigvis for dei som eventuelt ikkje får gleda av å lese den artikkelen – og for meg, som framleis skulle velje forfattarportrett – var ho villeg til å dele av innsiktene ho hadde kome fram til.

Det er lite plass til humor i den sjangeren som er forfattarportrett!

– Til grunn for dei mange alvorlege forfattarportretta ligg kunstnarmyten, som har vore verksam sidan det var vart vanleg med slike portrett for 200 år sidan, under romantikken, fortel ho.

– Ansiktet på portrettet er garantisten for at forfattaren har vore ein mørk stad, har vore i helvetes forgård, og at teksten hen har tatt med seg tilbake er sann.

Østby listar opp døme som Friedrich Nietzsche, Lord Byron og Ludvig van Beethoven.

Er det myten om kunstnargeniet som påverkar korleis mannlege forfattarportrett ser ut? Foto av Jon Fosse (Tom A. Kolstad/Samlaget) og Henrik Ibsen (Wikimedia commons).

– Portretta deira skal gje uttrykk for det mannlege geni, med vilt blikk og vilt hår.

Seksuelt tilgjengelege

Denne ideologien står framleis sterkt for norske forfattarar i dag, meiner ho. Det vil seie: For norske mannlege forfattarar.

– For unge, kvinnelege forfattarar er den vanlegaste strategien å halvsmile. Det formidlar at ein er tilgjengeleg, også i seksuell forstand. Men berre litt, det må ikkje sjå slutty ut. Dei skakkar gjerne på hovudet, smiler, gjer seg ufarlege.

– Burde kvinner heller velje alvorlege forfattarportrett?

– Det var det eg sjølv gjorde, etterkvart som eg blei merksam på dette mønsteret. Men så trur eg jo heller ikkje noko på den kunstnarmyten, og det kjendest ikkje rett å skulle framstille seg sjølv som så alvorleg, når eg er ein person som ler heile tida!

På den siste boka si, Kreativitet, som kom tidlegare i år, valde Østby derfor eit ironisk portrett der ho ler og lagar kaninøyrer bak hovudet. Det har så langt ikkje falle i god jord.

Dei gidd ikkje lenger å sjå mystiske eller søte ut, men ler hjarteleg eller gliser med tenna.

– Det blir ikkje brukt når avisene melder boka, og forlaget sender det i liten grad ut. Det er lite plass til humor i den sjangeren som er forfattarportrett!

Ein av Noregs mest suksessrike kvinnelege forfattarar, Vigdis Hjorth, med eit stort smil på haustens forfattarportrett. Foto: Agnete Brun/Cappelen Damm

Ho legg til at det er mange kvinnelege forfattarar som ler eller smiler med tennene på forfattarportretta sine når dei har nådd eit visst nivå.

– Det blir som ein maktdemonstrasjon. Dei gidd ikkje lenger å sjå mystiske eller søte ut, men ler hjarteleg eller gliser med tenna. Det er noko litt truande i det: Ei suksessrik kvinne som ikkje er redd for å synast og høyrast!

Som 20-åring debuterte Olaug Nilssen som forfattar og starta på litteraturvitskap – der ho foreslo å setje seg sjølv på pensum. Foto: Privat/Bent R. Synnevåg