Bokmelding: Reise inn i Ukjent territorium
I samtale med 16 framståande miljøtenkarar forsøker Anders Dunker å få grep om den fundamentale uvissa vi no står overfor.
I 1987 slo Brundtland-rapporten Vår felles framtid fast at klimaendringar og øydelegging av natur var eit globalt problem som kravde omgåande kollektiv handling. Det er 37 år sidan. Like fullt har forbruket av olje, kol og gass i verda aldri vore høgare enn no. Berre i 2023 steig kolforbruket med nær fem prosent.
Det blir bygd ut mykje fornybar energi, for all del. Problemet er berre at energiforbruket i verda stig så kraftig kvart år, at denne fornybare energien ikkje erstattar fossil energi. Han kjem berre i tillegg.
«Ukjent territorium»
Tittel: Ukjent territorium
Forfattar: Anders Dunker
Forlag: Existenz Forlag
Utgjeven: Hausten 2024
Sjanger: Sakprosa
Situasjonen er med andre ord dramatisk, og han er uføreseieleg. Derav tittelen på Anders Dunker si nye samtalebok: Ukjent territorium. Denne følgjer Gjenoppdagelsen av jorden (2019), som også bestod av samtalar med miljøtenkarar, og essaysamlinga Å tenke på planeten (2022).
Katastrofane nærmar seg
Interessant nok er det ikkje fargerike aktivistar i Extinction Rebellion eller Folk mot fossilmakta som hevdar at «Vi er inne i ukjent territorium». Som Dunker skriv i forordet til boka, er dette FN og NASA si skildring av stoda.
Det er FNs generalsekretær som no erklærer at vi er i ferd med å tape «vår suicidale krig mot naturen».
Naturens herjingar er no så dramatiske, endringane i jordsystemet så fundamentale, at vi for alvor har bevega oss inn i det Dunker kallar «faresonen».
Som han skriv: «Ingen vet hvor dette bærer», og boka er ei utforsking av dette ukjende farvatnet – i den grad det lar seg utforske.
Likevel er det som vi ikkje ensar samanhengen mellom vårt stadig høgare forbruk av fossil energi på den eine sida, og katastrofane som hopar seg opp på den andre. At det ikkje lenger finst «naturkatastrofar», som den australske miljøadvokaten Bronwyn Lay uttaler i éin av samtalane. Å kalle katastrofane «naturlege» er å normalisere det som i praksis er høgst unormalt, ja, utan historisk sidestykke.
Katastrofar er ingenting nytt i jordas lange historie, men det er nytt at menneskeslekta – og særleg ein ganske liten, fossil elite – grip så djupt inn i jordsystemet at hundreårsflaum blir kvardagsleg. Menneskeslekta er no implisert i kvar katastrofe, og kanskje bør vi i staden, som Dunker føreslår, snakke om «kulturkatastrofar».
Naturen som var
Vi lever i ei forvirrande tid der vi planlegg motorvegar vi ikkje har karbonbudsjett til å køyre på, bygger oljefelt vi ikkje har karbonbudsjett til å utvinne, og bygger hytter for å komme nærare ein natur som den same hyttebygginga er i ferd med å øydelegge.
Denne veksande avgrunnen mellom det vi veit og det vi gjer, kjem godt fram i samtalen med den norske biologen Anne Sverdrup-Thygeson. Vi er blinde for naturtapet, dels fordi kvar generasjon trur normalen er det dei sjølv vaks opp med, og dermed ikkje ser kor mykje rikare naturen var før.
På grunn av «endringsblindskap» kan naturen gå tapt i «rasende fart» utan at nokon legg merke til det. Og no går naturen tapt: Vi har 2000 insektartar på raudlista, og 40 prosent av norske hekkefuglar står på lista. Det kan føre til at sjølve «lydbildet i naturen» endrar seg, idet vipa, songlerka og gjøken ikkje lenger finst.
Men dette blir sjeldan fanga opp av oss som er innandørs eller i eit køyretøy 90 prosent av tida. «Avskjæringen fra naturen er fysisk, og dermed blir den også mental», seier Sverdrup-Thygeson.
Sidan vi aldri ser natur, får vi inntrykk av at han er eit fjernt varelager, at kjøttet og fisken i butikken blir trylla fram. Det du «er glad i og gleder deg over» vil du òg kjempe for, meiner biologen, som påpeiker at den massive utbygginga av natur som har gått føre seg sidan 1950-talet faktisk ikkje har gjort nordmenn lykkelegare, snarare tvert imot.
Den siste fisken
Den sørafrikanske forfattaren Adam Welz viser kor vanskeleg det tidvis kan vere å fange opp endringane i naturen. Den afro-sibirske polarsnipa hekkar i det nordlege Sibir, for så å trekke tusenvis av kilometer til våtmarker i Mauritania. Ettersom arktiske Sibir blir stadig varmare, går insektklekkinga litt fortare enn før, og fører til insektmangel når ungane til polarsnipene blir klekt.
Ungane blir derfor underernærte, og får litt kortare nebb enn normalt – akkurat nokre millimeter for korte til å rekke ned til skjella i dei mauritanske våtmarkene, og dermed svelt fuglane i hel. Små endringar i Sibir gir fugledød tusenvis av kilometer unna, i Mauritania.
Heime i Sør-Afrika har naturvernaren Welz antakeleg verdas største befolkning av ein liten ferskvassfisk frå Peru. Fisken høyrer heime i ei elv som no er forgifta av ulovlege gullgruver. I heimebygde akvarium tar han vare på den siste populasjonen av ein art som antakeleg har eksistert i millionar av år.
Dette blir stadig meir vanleg, idet elver tørkar inn som følgje av klimaendringar, eller blir forgifta og ureina. «Vi holder disse artene i live i håp om at vi en gang vil kunne slippe dem ut så de kan leve i vill tilstand», fortel Welz, som tar til orde for «geriljanaturvern», eit slags heimevern i krigen for å redde naturens mangfald. Welz er tydeleg på at vi er i «krig» mot «mektige og virkelig morderiske mennesker, selskaper og myndigheter som helt ubekymret forårsaker død og ødeleggelse blant ville arter – og mennesker – hvor de enn opererer».
Den økologiske klasse
Den danske sosiologen Nikolaj Schultz påpeiker at miljøspørsmåla er «overalt og ingensteds». Vi ser konsekvensane av klimakrisa overalt. Samstundes er grøne parti ute av stand til å mobilisere på bakgrunn av denne merksemda. Krisa blir meir dramatisk kvart år, men klimaengasjementet søkk og oljepositiviteten stig.
Schultz meiner vi må teikna opp klassane på ny. Det vi no er vitne til, er ein økologisk klasse som ser livsgrunnlaget sitt forsvinne på grunn av måten ein anna klasse overforbruker jorda. Det er blitt tydeleg at produksjonssystemet har blitt eit destruksjonssystem, og i denne situasjonen må jordas «beboelighet» komme i første rekke. Det som står på spel, ifølgje Schultz, er livsgrunnlaget og kreftene som truar det.
Men skal denne økologiske klassen oppnå politisk makt, må den også inn i kulturkampen. Populærkulturen er framleis gjennomsyra av det Schultz kallar ein «liberalistisk frihetsidé»: Dei fleste songar på radioen handlar om individualisme, fridom og rikdom. Det er i denne kulturelle sfæren at folk dannar sine verdiar og kjenslemessige disposisjonar, og så lenge det er tilfelle, ser det ut til at den grøne politikken vil mangle eit «kulturelt grunnlag», som Dunker påpeiker.
Ifølgje Schultz vil vi bli hugsa som ein historisk elite med eit himmelhøgt ressursforbruk som aldri vil kunne gjenta seg. Økonomane held fram med å hevde at vi treng vekst og velstand, men kva betyr vekst, spør den danske sosiologen, «når den faktisk minsker jordens egen velstand?» Vi er fanga i dette «produktivistiske språket», meiner han.
Jordsvingingar
Men grøn politikk står ikkje heilt utan kulturelt grunnlag. I Munchmuseets nylege utstilling «Jordsvingninger», blei Edvard Munch sitt verdsbilde og kunstnarskap betrakta som fullt og heilt forankra i naturen. Mennesket er for Munch ikkje åtskild frå naturen, men bur på jorda, og lever sitt liv på lik line med alt anna i naturen.
Også for Schultz ristar jorda under oss, mens mennesket «skjelver av gårde». Ei dobbel skjelving finn stad, ettersom det er våre handlingar som destabiliserer jorda, og denne jorda ristar tilbake. Menneskeskikkelsen har blitt eit vesen som set destruktive spor etter seg for kvart steg det tar.
Sjølv det mest kvardagslege, som å ete, kle seg, og reise, bidrar til å øydelegge livsgrunnlaget. Og når hetebølgja vellar over oss, kan vi ikkje kjøle oss ned utan å bidra ytterlegare til oppvarminga av atmosfæren. Det får Schultz til å hevde at klimaproblema ikkje berre følgjer i våre fotspor, men er våre fotspor, for kvart menneske er no delansvarleg, og ber «jordens beboelighet på sine egne skuldre».
Mitt kall er ei at svare
Ukjent territorium er noko så sjeldan som ei bok som tar dette alvoret alvorleg utan å pakke det inn i håpefull optimisme. Gjennom 16 samtalar med framståande, ofte verdskjende, tenkarar, får vi eit breitt mangfald av perspektiv på krisa, frå filosofen Noam Chomsky til biologen Dag Hessen, vitskapshistorikar Naomi Oreskes, og journalisten George Monbiot. Også Dunker sjølv er i høgste grad til stades, med reflekterte spørsmål og gjennomtenkte resonnement.
Som lesar sit ein igjen som undrande og relativt audmjuk i møte med det som tidvis er innfløkte og høgtsvevande teoriar.
Mange av samtalane er genuint tankevekkande (og kontroversielle), som når George Monbiot åtvarar om at den verkelege befolkningskrisa vi står overfor, er veksten i storfe, og at det moderne landbruket er den skadelegaste «av alle menneskets virksomheter», med tap av habitat, fauna og klimasamanbrot som resultat.
Eller når økonomen Jeremy Rifkin spekulerer i at framveksten av fornybar energi vil tvinge land til å kople saman sine energinettverk, som i sin tur vil føre til planetær tenking, og ein planet som blir kopla saman som ein digitalisert hjerne og «et digitalt nervesystem». Boka har få konklusjonar, men det er heller ikkje poenget. Som Dunker sjølv skriv i innleiinga, er boka å rekne som ei reise med ulike vegvisarar: «Reisemålet og utgangspunktet er det samme: Planeten vi bebor, kjente og ukjente landskaper – jorden som vi aldri riktig forstår, som vi elsker, men aldri viser nok aktelse for – jorden som vi reiser sammen med inn i fremtiden.»
Terningkast: 5