36-åringen les Donald Duck & Co kvar veke og oppdaga satire gjennom Are Kalvø.

Ingvild Eide Leirfall/Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg elskar smale, morosame bøker med god stil! Eg har alltid éi sakprosa og éi skjønnlitterær bok å sjonglera mellom, skriv statsvitar og forfattar Ragnhild Holmås til Framtida.no.

36-åringen skreiv historie som Noregs første kvinnelege Donald Duck & Co-forfattar, då ho tidlegare i år skreiv historia som feira 90-årsdagen den folkekjære anda.

Ragnhild Holmås

Alder: 36

Frå: Bergen

Utdanning: Statsvitar

Yrke: Forfattar

Donald Duck & Co kvar veke

Før det har ho skrive både kritikarroste barnebøker og sakprosaboka Men du ser ikke syk ut, som handlar om å leva med ein kronisk sjukdom som ikkje synest.

Holmås har vore open om at ho lir av sjukdommen ME, noko som har gjort at ho i periodar ikkje har klart verken å jobba eller vera sosial.

I år er ho aktuell med barneboka Ordenes gyselige jul – snoking i språkets sprøeste julegaver.

Sjølv les forfattaren kring 25 bøker i året, og Donald Duck & Co kvar veke.

– Eg sjonglerer også alvor og lystigheit – viss eg har lese ein tung sosialrealistisk roman er eg nøydd til å avveksle med noko lettbeint. Favoritten for tida er Richard Osman og den britiske humoren hans og overraskande fine menneskeportrett, forklarar ho.

Hans Christian Andersen (1867). Foto: Thora Hallager (Offentleg eigedom)

Hilde Østby på nattbordet

Donaldblada ligg alltid på frukostbordet og på nattbordet ligg Hilde Østbys kritikarroste Jeg elsker Dickens.

– Den er herleg sprø. Østby tek utgangspunkt i noko som faktisk skjedde – at H.C. Andersen var gjest hos Charles Dickens i vekevis, inntil vennskapen deira surna – og spinn nokre alternative forklaringar, fortalt i medrivande prosa. Den er vittig og brutal på same tid.

Holmås har bøkene med seg overalt, og les ofte på trikken og bussen.

– Ulempa er at eg gløymer å gå av. Eg vart, passande nok, «stuck» på Storo stasjon på grunn av ei bok som heiter Dørene lukkes.

Are Kalvø, Gubben og katten

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Mamma var ein ivrig brukar av biblioteket, og tok ofte med nye bøker heim. Ho las klassikarar som Thorbjørn Egner, og min personlege favoritt, Gubben og katten-bøkene. Ho lét meg tolmodig prøva å lesa sjølv – eit sjakktrekk, fordi det var slik eg knekte lesekoden. Eg håpar alle foreldre gjer det same.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg hugsar augneblinken eg oppdaga satire. Det må ha vore via Are Kalvø. Eg ønskte meg Bibelen 2 i julegåve, noko som fekk blanda respons på julebesøket, for han handlar om at Jesus står opp igjen – på Lørenskog.

Stilbevisst

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Kollektivt selvmord av Arto Paasilinna. For eit ordtilfang! For ein idé! For nokre portrett!

Ei god bok er ei som gjev Holmås ei stemning som ho sit att med, som gjev ho lyst til å oppsøkja ho igjen og igjen.

– Eg er også oppteken av god stil – at forfattaren er ein kunnig og kreativ språkbrukar. Blant sakprosaforfattarar er Anne Sverdrup Thygeson, Kristin Fridtun og Ragnhild Brochmann eineståande språkbrukarar. Slurvete og overskrivne bøker legg eg frå meg, nesten same kor spennande temaet er.

Ifølgje Holmås er Arnfinn Kolerud og Bjarte Arneson to undervurderte forfattarar.

– Dei blir sjeldan vurderte i det heile, fordi dei går under radaren. Begge har eit auge for det absurde, eit fargerikt ordtilfang og eit blikk for det klossete og hovmodige i mennesket. Hmm … Dei orda kunne også beskrive Donald Duck-universet, ser eg no …

Avstandsforelska i britisk TV-vert

Skulle ho invitert ein kjent forfattar på middag hadde det vorte den britiske programleiaren og komikaren Richard Osman.

– Ikkje berre skriv han sjarmerande god krim, han verkar også som eit gjennomgåande godt menneske, full av kunnskap, og med eit glitrande vokabular. Eg er truleg avstandsforelska.

– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Umogleg spørsmål! Noko så slemt! Eg juksar, og svarer éin sakprosaforfattar og éin skjønnlitterær: Kristin Fridtun og Kjell Aukrust.

Solan Gundersen

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Eg spurde vennene mine, og dei meiner eg er Solan Gundersen frå Flåklypa. Med innslag av Ludvig, vil eg sjølv leggja til. Solan stuper inn i nye prosjekt med freidig mot og nykjemt hår, som eg gjer. Men som Ludvig treng eg av og til å tulla meg inn i eit lunt teppe, ein lun armkrok. Pluss at eg snufsar noko innmari når det er kaldt.

– Om boka di skulle bli filmatisert – kven spelar hovudrolla?

– For blockbusteren Ordenes gyselige jul ville eg hatt Kristine Grændsen som Sankta Lucia som røskar ut auga sine for å bli kvitt ein innpåsliten friar, og Vidar Magnussen som einstøingen av ein fjøsnisse.