Sosialt distanserte hjarte dukkar opp

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hundrevis av gigantiske, kvite hjarte har blitt måla på graset i parkane i Bristol for å halde folk minst to meter frå kvarandre, og hjelpe til med å stogge spreiinga av koronaviruset. Det skriv den britiske regionavisa Express & Star.

Dei 374 kvite stjernene er ein del av kampanjen #BristolTogether, eit initiativ frå bedrifter og politiske leiarar i byen, som tek sikte på å bidra til ei trygg gjenopning.

Det var ei gruppe kunstnarar frå Upfest – Europas største graffiti-festival – som starta å spraye hjarta på graset tysdag 7. juli.

Hjarta er om lag tre meter breie, med minst to meter avstand mellom seg, for å oppmode til sosial distansering.

– Grønt i hjartet av byen

– Desse hjarta er det fyrste av tiltaka vi vil setje inn i dei komande vekene og månadane, fortel Keith Rundle frå Bristol City Centre’s Business Improvement District (BID).

– Vi ville minne alle på at vi har fantastiske grøne område i hjartet av byen, som er perfekte stadar for å møtast utandørs, samtidig som ein er med på å støtte Bristol sin økonomi