Overveldande skepsis til utanlandske turistar i Noreg

Tre av fire nordmenn seier i ei ny undersøking at dei ikkje vil opne Noreg for utanlandske turistar i sommar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa opna torsdag opp for at fleire turistar skal kunne besøkje Noreg i sommar, men ei fersk spørjeundersøking frå Opinion viser at nordmenn flest er skeptiske til grenseopninga.

Berre 15 prosent av dei spurde stiller seg positive til ei opning for at fleire utanlandske turistar skal kunne besøkje Noreg, medan heile 75 prosent ikkje ønskjer det.

Undersøkinga med rundt 1.000 respondentar er ein del av Opinions norsk koronamonitor og vart gjennomført i helga.

Tre av fire synest ikkje at det no bør opnast opp for at fleire utanlandske turistar skal kunne besøke Noreg.