Då eg var 20: Christine Dancke hadde platedebutert, men var telefonvakt hjå NAF

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christine Dancke er ein stor profil i det norske musikkmiljøet. Allereie som 19-åring debuterte ho med si eiga plate, og vart ein av dei første kvinnelege rapparane i landet med musikk på norsk.

Nokre år seinare, i 2009, slo Dancke seg saman med DJ-makkar Silje Larsen Borgan og danna duoen HOETELL. Saman vart dei hanka inn av P3 som laurdags-DJar.

Det var første gong Christine Dancke heldt P3-lyttarane med selskap, og etter ti år i statskanalen har ho stått for ei heil rekkje minneverdige augeblikk.

Sjå mellom anna då ho stilde menn dei same spørsmåla som kvinner får på den raude løparen:

https://youtu.be/I_ex4KPrr4I

Då ho takka for seg i slutten av mai arrangerte ho ein stjernespekka avskjedsfestival, der artistar stod i kø for å delta. No medgjev Dancke at ho gler seg til ein meir fleksibel timeplan:

– Så det å faktisk kunne sove ut på ein kvardag, ta seg ein hyttetur, eller berre ta eit møte å dagtid, gler eg meg faktisk til. Slikt vert nytt og spennande for meg, sa ho til P3 då ho tok avskjed.

Men Christine Dancke vert ikkje arbeidsledig, sjølv om ho legg P3-livet på hylla.

Ho skal halde fram med ein ny sesong av Noia, ein podkastserie om angst, og utvikle nye prosjekt i selskapet sitt Vrang produksjon.

Men i 2004 var Christine Dancke 20 år gammal, og framleis var radioreisa eit stykke unna:

Kor var du då du var 20?

Eg var student i Oslo og heldt på med musikk «på si», eventuelt heldt på med musikk og studerte «på si». 

Allereie som 19-åring gav Christine Dancke ut albumet «Knekt», som inneheldt låten «Jenteinvasjon»:

Korleis var kvardagen/kva gjorde du? 

Eg studerte psykologi og sosiologi medan eg jobba for NAF og Gjensidige. Var telefonvakt og hjelpte folk som hadde problem på reise og med bilane sine. Lærte alt eg kan om bil!

Hugsar du kva som skjedde?

Hugsar altså så skremmande lite at det er flautt. Men eg hugsar verkeleg godt Kanye West sitt The College Dropout. Eit av dei mest pålytta albuma i mitt liv.

Det kritikarroste Kanye-albumet har figurert i toppen på fleirfaldige lister over tiårets beste album: 

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Kanye West, Ghostface, MIA, Annie og Brandy sjølvsagt. Meget godt musikkår, 2004.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Dessverre! Det er 16 år sidan!

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Kan ikkje utkrystallisere eit bestemt minne. Eg burde openbert mimre meir.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Både ja og nei. Eg har alltid elska å jobbe, så eg visste at eg skulle gjere så mykje eg hadde kapasitet til. Men eg varierte mellom musikk, politikk, forsking og media.

Eg veit framleis ikkje heilt kva eg skal bli når eg vert «stor».

Hugsar du denne? I 2016 tok Christine Dancke initiativ til ein remix av Karpe-låten «Attitudeproblem», med eit stjernelag av norske kvinnelege artistar:   

https://youtu.be/03-8exSu6jg

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Tippar eg var litt uroa, som alltid. Det rare er at eg ikkje trur livet kjennest spesielt annleis no samanlikna med då. Litt tryggare i sjela, berre.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Kanskje at eg var litt vel «tøff», kanskje? Det var liksom før eg skjønte at eg eigentleg ikkje hadde skjønt spesielt mykje om livet og verda. Ei litt god, men litt lite audmjuk kjensle.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Høyr på magekjensla, sei ifrå når noko kjennest feil og KOS DEG. Slapp av. Det ordnar seg!


I 1996 gjekk Marta Breen på Romerike folkehøgskule og var ivrig etter å kome i gang med vaksenlivet. Foto: Privat/Maria Gossé