Christine Dancke inviterer til stjernespekka avskjedsfestival

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter 10 år i NRK P3 og åtte år med sitt eige program «Christine», gir Christine Dancke seg no i statskanalen.

Torsdag 28. mai har ho si siste sending for NRK, og opphaveleg var planen å invitere til fest og feiring på Rockefeller.

– Eg ynskjer å nytta høve til å gjere det eg har gjort dei siste ti åra: Feire norsk musikk, nydelege lyttarar og alle som har bidrege til at «Christine» på P3 har vore ein verkeleg draum å få jobbe med og i, sa Dancke då.

Radiofestival

Så kom Covid-19 og smittevernsrestriksjonar og dei måtte avlyse den fysiske avskjedsfestivalen.

Det blir likevel musikk og underhaldning, og frå i dag og fram til torsdag vert det radiofestival tre timar kvar dag. Frå 13.00 – 16.00, måndag 25.- torsdag 28. mai.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av NRK P3 (@nrkp3)

I tillegg til å gå på radio, kan ein også sjå sendingane på nett.

programmet står namn som Dagny, AURORA, Ruben, Admiral P, Highasakite, Gabrielle og Astrid S.

Bendik. Foto: Ole Martin Halvorsen/Presse