Unge Venstre vil leggje ned fylkeskommunen

Unge Venstre vedtok søndag å leggje ned fylkeskommunane i landet og i all hovudsak overføre funksjonane til færre og større kommunar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstres landsstyre vedtok søndag at det bør vere to forvaltningsnivå i Noreg og at det bør vere stat og kommune, skriv Aftenposten. Samtidig vil ungdomspartiet gå inn for å redusere talet på kommunar drastisk.

Sjølv om fylka skal leggjast ned, vil Unge Venstre behalde fylkesmannsembetet.

– Unødvendig organ

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark seier at regionreforma berre har medført kosmetiske endringar og ikkje flytta mykje makt frå staten til fylkeskommunane som planlagt.

– Det kan ikkje rettferdiggjere eit fordyrande og unødvendig organ, som ikkje har legitimitet i befolkninga lenger, seier Hansmark og viser til lågare oppslutning om fylkestingsval.

Kommunesamanslåing

Både Høgre og Framstegspartiet vil leggje ned fylkeskommunen, men moderpartiet Venstre har gått varmt inn for ei eiga regionreform.

Under dagens regjering er talet på kommunar redusert frå 428 til 356. Unge Venstre meiner det òg bør kuttast drastisk vidare i talet på kommunar, og Hansmark seier ingen kommunar bør ha under 5.000 innbyggjarar.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) trur satsingane til regjeringa vil koma leverandørindustrien på Vestlandet til gode. Foto: Svein Olav B. Langåker