Ida Lindtveit Røse (27) vert tidenes yngste statsråd

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er stolt av å vere med i eit parti som satsar på unge kvinner, der ein får moglegheiter og ansvar.

Det skriv KrF-politikar Ida Lindtveit Røse (27) på sin Instagram-profil laurdag denne veka.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Kjell Ingolf skal ut i pappaperm, og jeg skal vikariere som barne- og familieminister! Jeg er stolt av å være med i et parti som satser på unge kvinner, der man får muligheter og ansvar. Noe av det viktigste vi kan gjøre er å sikre alle barn en god og trygg oppvekst. Det har vært en veldig spesiell vår for alle. Plutselig kunne ikke besteforeldre klemme på barnebarna sine, mange har hatt hjemmekontor, hjemmeskole og hjemmebarnehage samtidig. Denne tiden har for alvor vist hvor utrolig viktig familie er. Både når familiene fungerer, og hvor sårbart det er når barn ikke blir godt ivaretatt hjemme. Vårt ansvar som samfunn å ta vare på de barna som av ulike grunner er ekstra sårbare. Det er de sårbare barna jeg vil sette først i perioden som kommer. Så skal jeg gjøre alt jeg kan for å sikre at Kjell Ingolf kan ha lave skuldre, kunne koble ut litt og nyte tiden i pappaperm.

Et innlegg delt av Ida Lindtveit Røse (@idalindtveitrose)

«Køddar du no?»

I likheit med Ropstad lovar vikaren å setje fokus på dei sårbare barna i perioden som kjem.

– Noko av det viktigaste me kan gjere er å sikre alle barn ein god og trygg oppvekst, slår ho fast i Instagram-innlegget.

Ida Lindtveit Røse var leiar for KrFU frå 2015 til 2017 og er no gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.

Ho har ein bachelorgrad i Europastudier frå UiO og har jobba som rådgjevar i NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, Abelia, samt eit halvt år som seniorrådgjevar i kommunikasjonsbyrået First House.

Til NRK fortel den påtroppande barne- og familieministeren at ho først tenkte ho hadde gjort noko gale då KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ringde medan ho la sitt yngste av to barn for kvelden.

– Første reaksjonen min var vel sånn «Køddar du no?». Det er jo ein sjuk telefon å få, seier 27-åringen til NRK.

Onsdag denne veka var ho inne til «screening» på Statsministeren sitt kontor og har no fått ja frå statsminister Erna Solberg til å vikariere i stillinga i to månadar.

Ung mor med statsrådpost

Medan Lindtveit Røse tek over som barne- og familieminister vert det nestleiar og landbruksminister Olaug Bollestad som tek over roret som KrF-leiar, når Ropstad går ut i pappaperm 2. juni.

Til NRK skryt Ropstad av partikollegaen, som han er trygg på at kjem til å løyse utfordringane i regjering på ein god måte.

Lindtveit Røse meiner på si side at det sender eit kjempeviktig signal til unge kvinner både i KrF og i andre parti.

– At viss du står på, så kan du få viktige posisjonar. Og så er det tøft av Kjell Ingolf å gje denne moglegheiten til meg, som er ung tobarnsmor. I ei tid kor mange unge kvinner lurer på om det går an å kombinere det å vere mamma med å satse på jobb, synes eg dette er ein fin måte å statuere eit eksempel på, seier ho til NRK.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland gler seg over medlemsauke i 2020. Ungdomspartiet har sett seg eit mål om å meir enn doble medlemsmassen innan 2030. Pressefoto