Bokmelding: Sinne er ein kraftfull debutroman

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Følg mitt råd, og les ho! Og førebu deg på å grine litt

Synne har ADHD, men det er det berre familien og bestevenninna Torunn som veit. Ho vil ikkje at andre skal vite det, for då blir det akkurat som på barneskulen; ungane ertar og dei vaksne gjer meir skade enn godt ved å snakke om det.

Synne går ikkje på medisinar no, slik rådgjevaren på skulen og foreldra hennar vil ho skal. Synne blir så lett sint, ho kjenner at det kriblar og boblar og det går ikkje an å stoppe det.

No er det verre enn nokon gong: foreldra er skilde, klassa si Instagramdronning klistrar seg på Torunn, og Synne klarer ikkje tenkje på noko anna enn den fine nye guten i klassa, Johan. Og så har ho verdas verste lærarar, og blir omtrent kasta ut av fleire skuletimar enn ho deltek i.

Ekte

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen klarer å skrive fram alt dette med den største lettheit. Språket har god driv og er veldig naturleg og ekte.

Når Synne kjenner at ho er så sint og fortvila at ho ikkje klarer å få fram eit einaste ord for å forsvare seg, føler eg det same.

Og når ho er så sint at ho ikkje klarer å kontrollere seg, men ser seg sjølv utanfrå, så veit ein korleis det er. Å føle at ein ikkje har energi til å forsvare seg, eller bli så rørt av litt omtanke at ein kollapsar.

Forelsking på godt og vondt

Boka er full av både det fine og det vonde ved ei forelsking, opp- og nedturar i venskap og eit ganske ujamt skulemiljø.

Kolås Ingebrigtsen tek også opp enkelte spørsmål og tema det kan vere viktig å reflektere litt over.

Treng du eigentleg å klare alt sjølv, eller kan du be om hjelp? Er det betre å vere open om absolutt alt heile tida, eller er det av og til greitt å vente med å fortelje noko til det er naudsynt? Når og kor mykje bør ein stole på andre, og ikkje minst: kor mykje bør ein ha tiltru til seg sjølv?

Boka er ikkje spesielt lang, men ho klarer å famne om mange forskjellige tema, utan at det kjennest tvungent eller for mykje. Følg mitt råd, og les ho! Og førebu deg på å grine litt.

Eili Harboe med debutboka Tre meter med kniv

Eili Harboe. Foto: Jonathan Vivaas Kise

Om boka

  • Sinne
  • Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
  • Samlaget, 2020