Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kittelsens Skog er utgjeven av forlaget Überpress, dei har hatt som vane å gje ut to antologiar kvart år med Über i tittelen. Über-antologiane har vore viktig for å lyfte fram unge spirande teikneserieskaparar og vise mangfaldet blant norske teikneseriar.

I 2019 kom det ingen antologi med Über i tittelen, men ein antologi til hyllest for kunstnaren Theodor Kittelsen.

Theodor Kittelsen (1857-1914) er kjend for sine illustrasjonar og måleri med motiv frå Asbjørnsen og Moes samling av folkeeventyr og overtru. Han er truleg ein av dei mest innverknadsrike norske kunstnarane.

Måleria og teikningane han laga har inspirert norske kunstnarar fram til i dag, blant dei er åtte teikneserieskaparar som saman har laga teikneserieantologien Kittelsens Skog.

Osar originalitet

Eg er imponert av den høge kvaliteten på teikningane i Kittelsens skog. Når alle hadde teke utgangspunkt i same biletkunstnar forventa eg at alle teikneseriane visuelt skulle vere nokså like, men heldigvis tok eg feil.

Alle teikneseriane har eit unikt visuelt uttrykk. Det osar av originalitet, men inspirasjonen frå Kittelsen er tydeleg i alle teikneseriane.

Spesielt godt likte eg teikningane i Skogen av skrive av Victoria Lindquist og Kjartan Forthun. Dei var minimalistiske, men likevel uttrykksfulle og teknisk sterke.

Utdrag frå «Skogen» skrive av Victoria Lindquist og Kjartan Forthun i «Kittelsens skog». Attgjeve med løyve frå forlaget.

Eindimensjonale rollefigurar

Som ganske mange andre teikneseriar er ikkje forteljingane fullt så gode som teikningane. Fleire av teikneserieskaparane har først og fremst bakgrunn som illustratørar og biletkunstnarar – ikkje som forfattarar og historieforteljarar. Eg synest at fleire av forteljingane var slappe, og det var vanskeleg å engasjere seg i dei. Fleire av rollefigurane var som tomme skal og eindimensjonale.

Eg trur at viss det hadde vorte brukt meir tid på å utvikle forteljingane så kunne teikneseriane vore mykje betre.

Eg meiner at Überpress sine teikneserieantologier er viktige fordi dei er med på å skape eit større mangfald blant norske teikneseriar. Illustrasjonane var glimrande, men kanskje dei neste gong bør bruke meir tid på manuset før dei set i gang med å teikne?

Les fleire bokmeldingar her!

Askeladden som kjøpte smør for sin arv: illustrert av Une Tjønnås

Fakta:

Kittelsens skog

Teikneserieskaparar: Oliver Levang, Victoria Lindquist, Kjartan Forthun, Vinter, Ingvild Kristiansen, Emily Sørensen, Regine Holst og Lars Helgemo.

Überpress, 2019