Over 14.000 russ får refundert billettar til Landstreff Stavanger
Rundt 14.500 russ skal no få tilbake 80 prosent av billettprisen for Landstreff Stavanger, som måtte avlysast på grunn av koronapandemien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding. Dei har fått til eit forlik med Rogaland Fritidspark, som arrangerer russetreffet.
– Det er eit gledeleg resultat for både russen og forbrukarsystemet. Ved å mekle i ei sak, har vi fått løyst tusenvis av enkeltsaker. Det sparer russen og samfunnet for mykje pengar. Vi set òg pris på at Rogaland Fritidspark kom russen i møte og godtok forslaget vårt, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.
Dei fleste deltakarane vil få tilbake 2.092 kroner. Refusjonen avheng av kva type billettar og pakkar som er bestilte.