Ellen Emmerentze Jervell (29) teiknar eit heilskapleg bilete av ein hjelpelaus mann som har eit sårt behov for andre rundt seg i sin andre roman.
mm
Bra kunst om menn

Forfattar: Ellen Emmerentze Jervell

Utgitt: 2020

Sjanger: Roman
Forlag: Gyldendal

LES FAKTALUKK FAKTA

I sin andre roman bringer Ellen Emmerentze Jervell #metoo opp på banen igjen og minner lesaren om at det framleis er like aktuelt. Tematikken provoserer, men er likevel tankevekkande.

Ein stereotypisk kunstnarbohem

Det er nyttårsaftan og Magnus, ein stereotypisk kunstnarbohem, sjekkar opp damer etter ei oppskrift han kan tilsynelatande utanåt.

Dette er siste kvelden lovar han seg sjølv. Frå no av blir det mindre alkohol, dop og damer.

Handlinga går rett på sak, og har eit relativt høgt tempo. Både språket og handlinga er rivande, og lengda gjer at ein lett kan lese den i eit strekk.

Romanen er lettlesen, men inneheld ein del referansar til kunst og kulturlivet. Det gjer at eg vil tilrå romanen til unge vaksne og oppover, som har interesse for kunst og kultur.

Kunstnar og muse

Magnus står nemleg ovanfor ei avgjerande kunstutstilling. Og han, som ung, lokal arbeidarklasseson blir fortalt at han blir satsa på.

Med ein deadline som stadig blir pusha, og grenser som stadig blir tøygd tek det ikkje lang tid før ein skjønar at Magnus ikkje har alt på stell. På toppen av alt manglar han inspirasjon. Han har lova ti verk til utstillinga. Og han har ingenting å stille med.

Berre nokre få dagar før innleveringsfristen støyter han på Maria, ein tidlegare kjærast frå ungdomsåra. Dei har ikkje sett kvarandre på mange år, men det er tydeleg at Magnus framleis har sterke band til ho.

Medan Maria ser ut til å ha livet tilsynelatande i orden viser det seg at Magnus ikkje fungerer utan ho. Likevel fører det noko positivt med seg. Med Maria i tankane blir det ein leik å lage kunst.

Skjelett i skapet

Utover dukkar det opp fleire skjelett frå morkne skap som sperrar framtidsutsiktene hans vidare. Det kjem fleire anonyme skuldingar frå jenter om at han har forgripe seg på dei.

Sjølv om ein gjerne vil tru det, viser det seg at han ikkje Don Juanen han blir framstilt som i byrjinga av handlinga. No heng verkeleg utstillinga hans i ein tynn tråd og han må overtyde museet til å ta han tilbake.

Gjennom fleire tilbakeblikk på ein vanskelig barndom får ein sympati for Magnus, ein sympati som likevel skrantar jo meir folka rundt han gir han opp. Likevel sit ein som lesar igjen med eit lite snev av håp.

Sårbar, men ingen klisjé

Magnus får stadig høyre at han lagar bra kunst om undertrykte menn. Jo meir sårbar Magnus blir, di meir aukar håpet om at museet likevel vil gi han ein sjanse.

Sjølv om historia om den mannlege forgriparen har utgangspunkt for å bli klisjéfylt, teiknar Jervell likevel eit heilskapleg bilete av ein hjelpelaus mann som har eit sårt behov for andre rundt seg.

Alt i alt er det ein strålande roman som eg vil tilrå på det sterkaste!

Ellen Emmerentze Jervell er aktuell med sin andre roman «Bra kunst om menn». Pressefoto: Gyldendal/Bokomslag til bakgrunn

LES OGSÅ

ANNONSE