Bokmelding: Ingenting usagt – om å vera ung, sterk og sårbar

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sabina Store-Ashkari (f. 1999) er frå Vadsø og har norsk, samisk og bangladeshisk bakgrunn.

Lyrikksamlinga Ingenting usagt er debuten hennar, ei samling av dikt ho har skrive og lagt ut på Instagramkontoen @ingentingusagt sidan ho var 16 år. Kontoen, som i dag har over 6000 følgjarar vart starta då ho på slutten av vidaregåande ynskja å lagre tekstane sine på ein trygg stad.

Opningsdiktet lyd som følgjande:

Jeg skriver.

Jeg skriver om hjerter.

Jeg skriver til hjerter.

Glade hjerter, knuste hjerter,

hele hjerter, nakne hjerter.

Ditt hjerte, mitt hjerte,

hjertet til en jeg pleide å kjenne

hjertet til en jeg husker,

hjertet til en jeg savner.

Hjerter jeg har fått titte inn i,

hjerter som forteller

historier jeg drømmer om skal bli

funnet, lest og hørt.

Ingenting skal være usagt.

Dikta handlar om å vera ung, sterk og sårbar og rommar tema som kjærleik, vennskap, draumar og håp. I alt skildrar dei kvardagslege, men likevel store tema sett frå ståstaden til ei ung jente. Det skal godt gjerast å skrive om tema som dette utan å falle i ei fallgruve av klisjear. Likevel, viser Store-Ashkari at universaltema og kjenslene som følgjer med aldri går av moten.

I ein moden debut meistrar forfattaren kunsten å seie mykje med få ord.

/ du rotet det sånn til at det ble helt riktig /.

Ved å bruke ein sår, rå og ærleg penn klarer ho å vekkje heile spekteret av kjensler i skildringar som treffer ein rett i hjartet.

/nå har du altså flyttet inn / i hjertet mitt / og sammen med deg / bor det masse / kaos og smerte / etter sist noen / var der inne/.

Lengda på dikta varierer frå ei verseline til lengre tekstar som bryt med sjangeren, prega av eit munnleg språk med ein tilsynelatande mindre rigid struktur.

/ du var så oppmerksom, så skarp, det gjorde meg livredd. ikke at jeg gjorde noe galt, altså. men jeg fryktet at du skulle røpe de små tingene./

Likevel ber dei fleste dikta preg av eit strengare formspråk, noko som gjer at brytingspunkta som kjem innimellom er med på å skape framdriv.

Dikta er akkompagnert av treffande illustrasjonar av Erika Coucheron Krogstad (f. 1995) og passar for ungdommar og unge vaksne. Alt i alt er Ingenting usagt er ein glimrande debut av ein forfattar eg gler meg til å høyre meir av!

Forfattar og journaliststudent Sabina Store-Ashkari synest framleis det er spanande å leggje ut tekstar på Instagram og er takksam for all responsen. Her er ho med si første bok. Foto: Privat

Ingenting usagt

  • Forfattar: Sabina Store-Ashkari
  • Utgitt: 2020
  • Sjanger: Lyrikk
  • Forlag: Cappelen Damm