Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det britiske auksjonsbyrået Sotheby’s arrangerer no ein velgjerdsauksjon i samband med koronapandemien: «MayDay:Covid-19 Charity Auction».

Saman med Google inviterer dei til auksjon for å samle inn pengar til den humanitære organisasjonen International Rescue Committee (IRC), som støttar dei som vert hardast råka av spreiinga av Covid-19.

Det skriv dei på sine heimesider.

Dobbel krise

David Miliband. Foto: Foreign and Commonwealth Office

President og direktør av IRC, David Miliband, understrekar at dei mest sårbare treng all hjelp dei kan få.

– Som eit globalt samfunn er me ikkje sterkare enn den svakaste leddet i kjeda. Millionar med folk på flykt står no overfor ei dobbel krise når viruset når deira samfunn, seier Miliband.

Han takkar arrangørane og dei som har sagt ja til å støtte IRC si førstelinje-innsats for å stansa spreiinga av Covid-19 i sårbare lokalmiljø rundt om i verda.

Auksjonen går frå 1.-8. mai og alle auksjonsobjekt blir gitt ut utan reservasjonar. Det vil seie at vinnaren kan gi det til andre, eller dele opplevinga med andre.

Her er dei du kan by på:

På auksjonslista finn ein store namn, som alle har sagt ja til å bli bydd på. Vinn du får du ein privat videosamtale med den du har bydd på.

Hillary Clinton. Foto. United States Department of State

Kaffi med Hillary Clinton

Advokat og amerikansk politikar. Var utanriksminister i Barack Obama si regjering (2009-2013), og senator for New York før det. I tillegg har ho vore førstedame, som ektemaken til tidlegare president Bill Clinton.

Kaffi med Madeleine Albright

Professor og amerikansk politikar. Var den første kvinnelege utanriksministeren i USA, og var tilsett som dette i Bill Clinton si regjering (1997-2001). Ho har vore FN-ambassadør for USA og er i dag professor ved Georgetown University.

Samtale med Russell «Rusty» Schweickart

Rusty Schweickart. Foto: NASA

Pilot, forskar og NASA-astronaut. Var med på romferd i Apollo 9. Dei skulle teste ulike system som vart brukt under månelandinga. Han var også den første som sendte TV-signal frå rommet.

Diskuter musikk med The Strokes

Eit amerikansk indie-rockband som vart forma i 1998 i New York. Dei er sett på som bandet som ga liv til garagerocken og gjennopplivinga av punk-rock. Albumet Is this it (2001) vart starten på ei bølgje med New York-band som fekk stor suksess.

Etter mange års ventetid for fansen gav bandet  denne månadenut albumet med den treffande tittelen The New Abnormal. I tillegg skulle The Strokes vere ein av hovudartistane på årets Øya-festival, som er avlyst.

Sacha Baron Cohen gjekk fullt inn i rolla som Borat, her frå promotering i Tyskland i 2006. Foto: Skssoft, Wikimedia

Sacha Baron Cohen

Engelsk komikar, skodespelar og filmskapar, kanskje mest kjend for filmen Borat (2006). Han har fått fleire prisar og utmerkingar og vann mellom anna ein Golden Globe for beste skodespelar etter Borat.

Få interiørtips av Jacques Grange 

Interiørdesignaren frå Frankrike har hatt mange store kundar, som skodespelar Isabelle Adjani, Prinsesse Caroline av Monaco, Michelin-kokk Alain Ducasse, motedesignar Valentino, filmskapar Francis Ford Coppola og motedeisgnar Karl Lagerfeld.

Lær skodespel med Sir Patrick Stewart

Sir Patrick Stewart. Foto: Gage Skidmore/Wikipedia

Stewart er ein britisk Golden Globe- og Emmy-nominert skodespelar. Han er kjend frå Star Trek: The Next Generation og som professor X i X-Men. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame og er kjent for sine gode Shakespeare-roller . I auksjonen kan du by på ein Shakespear-skodespelar-time med Sir Patrick Stewart.

David Miliband

Tidlegare utanriksminister i Storbritannia, i dag er han president i he International Rescue Committee (IRC), som pengane skal gå til. Han kan dimed fortelje korleis inntektene vil bli brukt i kampen mot Covid-19.

Tim Ferriss

Amerikansk investor og fitness-gründer som har starta fleire bedrifter, skrive bøker, starta podkast og vore programleiar i sitt eige TV-program.

Sir Paul Smith

Britisk motedesignar mest kjend for sine herreklede. Han har fått fleire utmerkingar som Royal Designer for Industry (1991) og vart gjort til ridder av dronning Elisabeth i 2000. Han starta sitt eige merke og butikk i 1970 og har i dag butikkar i 70 land verda over.

Sting

Sting. Foto: Raph_PH/Wikipedia

Den prisvinnande songstjerna Sting, kjend frå både The Police og si eiga solokarriere, tilbyr deg å spele inn ein song med han på auksjonen.

Downton Abbey-fest

Bli med på ein høgst sofistikert, liten fest med skaparen av Downton Abbey, Julian Fellowes. I tillegg til Hugh Bonneville som speler jarlen av Grantham i serien, og den ekte jarlen og grevinna av Carnavon.

Marc Quinn

Britisk samtidskunstnar og skulptør som utforskar «kva det er å vere menneske i verda i dag». Han varierer stort i materialbruken og har mellom anna brukt blod, brød, blomar og klinkekuler. Han har hatt store solo-utstillingar og var medlem av Young British Artist-rørsla.

Fleire auksjonsobjekt vil bli annonsert ifølgje Sotheby’s

Lady Gaga i november 2018 (Foto: by Jordan Strauss/Invision/AP, File)