Stjernespekka støttekonsert initiert av Lady Gaga

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 18.04.2020 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den internasjonale interesseorganisasjonen Global Citizen har sidan karantenelivet slo innover USA arrangert ulike strøymekonsertar med store artistar, under emneknaggen #togetherathome.

No har dei gått saman med Verdsorganisasjonen for helse (WHO) og Lady Gaga for å skipa støttekonserten «One World: Together At Home».

Det var NRK som fyrst melde om dette i norske medium.

Støtte til WHO og helsearbeidarar

Laurdag 18. april samlar store superstjerner som Billie Eilish, John Legend, Sam Smith, Taylor Swift, Alicia Keys, Andrea Bocelli, Ben Platt, Celine Dion, Elton John, Lizzo, Stevie Wonder og mange mange fleire seg for å støtta helsearbeidarar i heile verda og arbeidet til WHO.

– Me må kanskje vera frå kvarandre fysisk ei stund, men me kan framleis samlast virtuelt for å nyte stor musikk. Konserten er eit sterkt bilete på solidaritet i møte med ein felles fiende, seier Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, generaldirektør i WHO i ei pressemelding.

Ikkje innsamling under konserten

I tillegg til artistane kjem store namn som Oprah Winfrey, samt stjerneparet David og Victoria Beckham. Det vil også bli forteljingar frå helsearbeidarar og overlevande som har vore sjuke med Covid-19.

Styresmakter og bedrifter vil delta med sine lovnadar om støtte og utstyr til helsearbeidarar verda rundt, og oppmoda andre til å gjera det same.

I ei Twitter-melding frå Lady Gaga legg ho vekt på at konserten ikkje skal vera eit pengeinnsamlingsshow, slik at ein berre skal kunne nyte konserten og showet.

Allereie før konserten har dei likevel samla inn over 35 millionar dollar til solidaritetsresponsfondet mot Covid-19 og vil halda fram med pengeinnsamlinga fram mot konsertstart.

Historisk konsert

Slike støttekonsertar har me sett før, med Live Aid frå 1985 som kanskje den største så langt. Denne gongen blir likevel historisk fordi det er første gong ein så stor støttekonsert vert arrangert digitalt og strøyma live.

Konserten vil vera todelt: først ei lengre digital sending frå 20.00-02.00 (norsk tid) som vert streama på: Alibaba, Amazon Prime Video, Apple, Facebook, Instagram, LiveXLive, Tencent, Tencent Music Entertainment Group, TIDAL, TuneIn, Twitch, Twitter, Yahoo, and YouTube. Så kjem hovudsendinga.

Konserten vert i Noreg strøyma frå klokka 02.00 til 04.00, og du kan sjå han på TV 2 Sumo der han vil vere tilgjengeleg 72 timar etter at konserten er over. I tillegg kan ein sjå den på Youtube og fleire andre strøymetenester.

Deltakarar på konserten:

Hovudsendinga: Alicia Keys, Amy Poehler, Andrea Bocelli, Awkwafina, Billie Eilish, Billie Joe Armstrong of Green Day, Burna Boy, Camila Cabello, Celine Dion, Chris Martin, David & Victoria Beckham, Eddie Vedder, Ellen DeGeneres, Elton John, FINNEAS, Idris og Sabrina Elba, J Balvin, Jennifer Lopez, John Legend, Kacey Musgraves, Keith Urban, Kerry Washington, Lady Gaga, Lang Lang, Lizzo, LL COOL J, Lupita Nyong’o, Maluma, Matthew McConaughey, Oprah Winfrey, Paul McCartney, Pharrell Williams, Priyanka Chopra Jonas, Sam Smith, Shah Rukh Khan, Shawn Mendes, Stevie Wonder, Taylor Swift, og Usher.

Strøyme-delen før hovudkonserten: Adam Lambert, Andra Day, Angèle, Anitta, Annie Lennox, Becky G, Ben Platt, Billy Ray Cyrus, Black Coffee, Bridget Moynahan, Burna Boy, Cassper Nyovest, Charlie Puth, Christine and the Queens, Common, Connie Britton, Danai Gurira, Delta Goodrem, Don Cheadle, Eason Chan, Ellie Goulding, Erin Richards, FINNEAS, Heidi Klum, Hozier, Hussain Al Jasmi, Jack Black, Jacky Cheung, Jack Johnson, Jameela Jamil, James McAvoy, Jason Segel, Jennifer Hudson, Jess Glynne, Jessie J, Jessie Reyez, John Legend, Juanes, Kesha, Lady Antebellum, Lang Lang, Leslie Odom Jr., Lewis Hamilton, Liam Payne, Lili Reinhart, Lilly Singh, Lindsey Vonn, Lisa Mishra, Lola Lennox, Luis Fonsi, Maren Morris, Matt Bomer, Megan Rapinoe, Michael Bublé, Milky Chance, Naomi Osaka, Natti Natasha, Niall Horan, Nomzamo Mbatha, P.K. Subban, Picture This, Rita Ora, Samuel L Jackson, Sarah Jessica Parker, Sebastián Yatra, Sheryl Crow, Sho Madjozi, SOFI TUKKER, SuperM, The Killers, Tim Gunn, Vishal Mishra og Zucchero.

F.v. Arnold Schwarzenegger, Millie Bobby Brown, Ben Stiller, Robert De Niro, Snoop Dogg, Ryan Reynolds.