«Å ta klimakrisa på alvor er ansvarlig økonomisk politikk»

Jannicke Totland, nestleiar i Oslo Sosialistiske Studenter (SV)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er ein appell som nestleiar i Oslo Sosialistiske Studenter (SV), Jannicke Totland, heldt digitalt under årets 1. mai-markering.

Noreg og verda er ramma av ein epidemi som har store globale konsekvensar for helse, økonomi og samfunn. Samstundes står me overfor ei enda større krise: ei eskalerande natur- og klimakrise.

Om under ti år skal Noreg og verdas klimagassutslepp vera halvert. Samstundes vil det i tida framover vera eit enormt behov for å stimulere og oppretthalde norsk økonomi, samt å skape tryggleik for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande.

Konstruktive retningsval

Sjølv om det er svært kritisk for mange arbeidsplasser og er ein krevjande mobilitetssituasjon, kan me ikkje akseptere krisetiltak som gjer direkte skade på natur og klima.

Me har likevel ei moglegheit til å bruke krisa konstruktivt til å ta nye retningsval og omstille samfunnet i ei meir miljøvenleg retning, og denne omstillinga må starte allereie med krisepakkane for norsk økonomi.

Me treng tiltak som tek samfunnet i denne retninga og som samstundes styrker sysselsetjing og aktivitet i økonomien.

Noreg treng ei omstilling til eit grønare og tryggare næringsliv

Løysinga på det er ikkje olja eller andre fossile energikjelder.

Me må tenkje langsiktig. Og det er allereie funne meir olje og gass enn jorda toler at me brenn for å nå målet om å halde oss under 1,5 graders oppvarming.

Me kan ikkje leve av olja for alltid. Noreg treng ei omstilling til eit grønare og tryggare næringsliv.

To alternativ

Når det kjem til det står me ovanfor to alternativ. Anten kan me gjera norsk økonomi mindre oljeavhengig gradvis. Eller så kan me gjere det raskt og brutalt når verda begynner å kutte utslepp i panikk.

Det andre alternativet vil føre til massearbeidsløyse og industridød i Noreg.

Det ikkje arbeidarane som skal betale prisen for å nå klimamåla

Det ikkje arbeidarane som skal betale prisen for å nå klimamåla. Det er systemet som må gjerast noko med.

I ei tid med mindre rom for investeringar i klimatiltak i privat sektor er det avgjerande at staten tek ei aktiv rolle. Staten sine redningspakkar bør koma med krav om bærekraftig produksjon med gode system i heile verdikjeda for å fange opp og avgrense miljøpåverknadar i høgst mogleg grad.

Kompetent arbeidskraft

Noreg har svært mange kompetente arbeidarar, særleg knyta til petroleumsindustrien. Det er samstundes ikkje gitt at denne kompetansen blir tatt i bruk ved nye nasjonale satsingar på framtidsretta næringar.

I samarbeid med fagrørsla og miljørørsla skal me møte den store omstillinga me no står ovanfor.

Låg oljepris vil gjere etterspørselen etter petroleumsrelatert arbeidskraft låg, og det er behov for midlar inn i innovasjon og forsking som kan sysselsetje dei kloke hovuda inn i andre verksemder for å finne fram til – og utvikle dei gode miljøløysingane som må til.

Rask, langsiktig omstilling

Å ta klimakrisa på alvor er ansvarlig økonomisk politikk.

Det inneber å tenke langsiktig.

Ansvarleg langsiktigheit betyr å omstille oss så raskt me kan.

I unntakstilstanden me no står ovanfor finst det moglegheiter til å stake ut ei ny retning for grøne arbeidsplassar i Noreg. Ved å skape eit meir mangfaldig næringsliv, bygd på Noregs privileger – som god tilgang på naturressursar, solid fagkunnskap og små forskjellar, kan me trygge fleire arbeidsplassar for framtida.

Det krev ansvarleg forvalting.

Det grøne skiftet

Tiltaka som no blir innført må kombinere omsynet til å halde hjula i gong og langsiktige bidrag til bærekraftig samfunnsutvikling: ei grøn rettferdig omstilling som kuttar klimagassutslepp, sikrar verdiskapning og utjamning av sosiale forskjellar.

For å lukkast i miljøkampen må dei aukande ulikskapane både i Noreg og verda bli motarbeida.

Me treng eit grønt skifte på folket sine premissar

Direktørane og aksjonærane i dei store fossilselskapa avviser forandring, og marknadsøkonomien fører ofte til at det kortsiktig mest lønsame blir valt framfor det langsiktig lønsame og nødvendige.

Me treng eit grønt skifte på folket sine premissar, ikkje på premissane til dei som har mykje pengar.

Oljearbeidaren og bygdefolket

Det må vera eit omfamnande prosjekt både i eit fordelingsmessig, geografisk og næringsmessig perspektiv.

Det må omfamne oljearbeideran, bygdefolket og dei med dårleg råd. Norges arbeidsliv med høg tillit mellom partane i arbeidslivet, og ei høg organiseringsgrad har føresetnadane for dette.

Utan eit rettferdig grønt skifte vil me aldri lukkast – eit grønt skifte der heile folket er med.

Me må stå saman og arbeide for eit Noreg for dei mange, og ikkje for dei få!

Til info: Jannicke Totland arbeider som bokmeldar for Framtida.no, men skriv her for eiga rekning som nestleiar i Oslo Sosialistiske Studenter (SV).