Frisørane har opna att – Raja og Høie først i køen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No er det veldig mange av medlemmene av regjeringa som kjem til å klippe seg i dag. Det viser at det nettopp er trygt å gjere, seier Raja (V) til NTB.

Han var dagens første kunde hos Cutters på Grensen i Oslo sentrum – og dermed òg første kunde etter halvannan månad med stengde frisørsalongar.

Kulturministeren har fått merksemd for eit stadig veksande volum på håret gjennom koronakrisa.

– Det er sånn Face-ID på mobilen, og det var like før han ikkje kjende meg att. Så det var like før eg fall ut av alt, seier Raja, og legg til at det var rett før kona tok fram barbermaskina.

Han meiner gjenopninga av frisørane er eit prov på at vi er på veg tilbake til ei normalisering.

– Frisøren tok jo på meg. Han hadde jo fysisk kontakt. Og det at helsestyresmaktene seier at det er trygt å gjere det i desse formene, viser at det er mogleg å kome tilbake til ein normal kvardag, seier Raja.

Kulturminister Abid Raja (V) var svært glad for å endeleg få klipt seg måndag morgon. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Grublar ikkje

Også helseminister Bent Høie (H) markerte den gradvise gjenopninga av samfunnet måndag ved å gå til frisøren for ein hårklipp.

– Det var godt å setje seg her att. Endeleg. Du ser jo at det er heilt nødvendig, sa statsråden då han tok plass i ein av stolane i salongen.

Småprat med frisøren høyrer òg med for ein minister. Høie kunne fortelje at han sov godt om nettene og at det hjelper lite å liggje og gruble.

Venta på å kome i gang

Måndag vart òg skulane opna att for elevar i 1.- til 4.-klasse. Ei rekkje verksemder med såkalla ein-til-ein-kontakt kan òg ta opp att verksemda. Det gjeld mellom anna frisørar, hudpleiarar og tatovørar.

Dei som no opnar forretningane sine att, må setje i verk ulike smitteverntiltak. Det må mellom anna vere rutinar for reingjering av lokale, redusert kontakt mellom tilsette og mellom kundar, og god handhygiene.

– Vi har 400 frisørar som har venta på å kome i gang att. Det er veldig fint at vi har fått dei retningslinjene, så vi veit kva vi skal halde oss til. Det er trygt både for kundane og oss, og vi har jobba hardt for å tilpasse oss det, seier regionsansvarleg Cecilie Holm i frisørkjeda Cutters i Oslo til NTB.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie var første kunde som fekk ny frisyre av Morten Johansen etter korona-utbruddet.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Strenge rutinar

Holm fortel at dei mellom anna har fjerna ventebenker sånn at kundane ikkje skal sitje nær opptil kvarandre, og at dei har markert opp avstandar inne i salongane for å unngå at folk kjem for tett. Cutters er kjent for å ha mange tronge salongar, og ved nokon av dei er berre halvparten av frisørstolane i drift.

– Cutters har jo ikkje hårvask og vaskar. Gjer det arbeidet med smittevern og hygiene ekstra vanskeleg?

– Vi håpar ikkje det. Det er derfor vi har så strenge vaskerutinar og er veldig strenge på kven som får kome på jobb. Så fort du har litt snue eller noko, må du halde deg heime, seier ho.

Regelverk

Retningslinjene frå styresmaktene slår òg fast at tilsette skal bli heime eller forlate arbeidsplassen med ein gong dersom dei utviklar feber eller symptom på luftvegsinfeksjon. Verksemda kan heller ikkje ta imot kundar med slike symptom eller som er i karantene eller isolasjon.

Styresmaktene opplyser vidare at det er viktig at verksemdene har oversikt over kva kundar som har fått tenester to veker tilbake i tid. Ved timebestilling skal kundane få informasjon om kva tiltak som er sette i verk og kva reglar som gjeld. Alle tilsette må vere kjende med tiltaka.

Helsedirektoratet har laga ein rettleiar som skildrar korleis dei kan etterleve krava og førebyggje smitte.

Les meir om korleis det er å jobba som frisør: – Ein skal ikkje gløyme at frisøryrket ikkje berre er å klippe hår

Her er Joakim Sumstad i sving under NM i frisørfag 2019, der han henta heim to gullmedaljar. Foto: Privat

Koronareglar i frisørsalongen:

  • Både kunde og frisør må vere friske
  • Hald god avstand til andre kundar og nytt antibac med det same du kjem inn
  • Førehandsbestill time, unngå drop-in og å vente i salongen
  • Kundane kan ikkje nytta mobiltelefon i salongen
  • Unngå kontantbetaling, bruk kort eller Vipps
  • Frisørane skal ha tilstrekkeleg smittevernutstyr og gode rutiner for reingjering
  • Personar over 67 år vert rådd til å ikkje jobbe
  • Salongane skal ha rutinar for å kontakte kundar dersom det oppstår smitte
  • Frisørane må gjennomføra eit smittevernkurs og bestå ein kunnskapstest

Kjelde: VG og NTB