«Grønt lys for mishandling av sel»

Knut Isdal Lindstrøm (19), medlem i NOAH
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Store, svarte auge. Kvite, dunete luffar. Selungane ligg saman på eit av dei mange isflaka.

Dei er ikkje store nok til å gå i vatnet enno. Mellom isflaka nærmar det seg noko selungane ikkje har sett før. Det er ei av selfangstskutene.

Nysgjerrige selar

Ein tobeint skapning klatrar ned frå fangstskuta, og kjem gåande på isflaket mot selungane. Selungar er nysgjerrige, og særleg den eine selungen har lyst til å undersøke kva dette nye er. Selungen byrjar å ake seg bortover for å kome skapningen i møte.

Den tobeinte aukar farten, og selungen vert endå ivrigare. Idet dei møtes løfter den tobeinte eit langt treskaft med ein spiss ende, og knuser selungens hovudskalle.

Like etter er lufta fylt av skot. To andre selungar vert skotne på bakre del av kroppen, for at dei ikkje skal flykte.

Ein av selungane har klart å ake seg ut i vatnet, men vert også skoten. Ei stund etter kjenner denne selungen noko skarpt bore seg inn i kroppen, som trekker den opp av vatnet. Ungen har blitt krøka.

Hakapik og krøking

Fangstmetodane brukt under selfangst fører til store lidingar for sel. Dette har det blitt rapportert om i årevis. Det lange treskaftet med den spisse enden kalles hakapik, og er ein reiskap som vert brukt under selfangst for å slå i hel sel og selungar.

Tidlegare er det også blitt rapportert om mykje skadeskyting, og krøking. Krøking vil seie at selar får ein metallkrok gjennom kroppen etter at dei er blitt skotne, og vert heist om bord.

Årets selfangst legg opp til eit nytt mareritt for sel

Årets selfangst legg opp til eit nytt mareritt for sel. Blant dei som har fått løyve til å drepe sel i år, er selfangarar som tidlegare er dømde for dyremishandling og krøking av levande selungar.

Utan inspektørar og kurskrav

Og denne gongen har dei fått løyve til å reise utan dyrevernsinspektørar ombord. Inspektørane har fått beskjed om å halde seg heime grunna smittefare.

Kravet om kurs og teoretisk prøve for selfangarane er også fjerna. Etter årevis med dokumentasjon om korleis selfangst foregår, vel no myndigheitene å setje til side alle tiltak som skal minske lidingane for sel. Dette er å gi grønt lys for ytterlegare dyremishandling.

Det er meiningslaust å halde fram med selfangst

Om det framleis vert drive selfangst, er vel grunnen at Norge tenar pengar på det? Nei. 80% av inntektene frå selfangst er subsidiar. Det er ikkje lønnsamt å drive selfangst, og det er dine skattepengar som finansierer næringa.

Det einaste selfangsten sikrar Norge, er eit dårleg rykte internasjonalt.

Det er meiningslaust å halde fram med selfangst. Det gagnar verken sel eller menneske. Likevel er selfangstskutene allereie på veg. Selfangsten må stansast.

Grønlandsselungane (kvitungar) må die på isen i 12 dagar før dei er sjødyktige. Då er dei sårbare for rovdyr.
Fotograf: Tore Haug / HI