Oppløftande dikt på verdas poesidag

Her er fem Instagram-favorittar du kan følgja for eit meir poetisk liv.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.03.2020 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

21. mars er verdas poesidag. I det høvet inviterer Blaff:poesi #24 alle til å dikte i karantene med temaet «optimist».

God poesi kan by på håp og optimisme i tøffe tøffe tider, gjennom å lesa noko som treff deg. Her er nokre Instagram-favorittar:

@rupikaur_:

Indisk-kanadiske Rupi Kaur (27) har bygd seg opp via Instagram og debutromanen hennar milk and honey (2014) vart seld i over 2,5 millionar eksemplar på verdsbasis.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

✨?✨?✨

Et innlegg delt av rupi kaur (@rupikaur_)

@aleksander fallo

Norske Aleksander Fallo seier det kort og godt med sin Instagram-poesi. I april debuterer han i bokformat med diktsamlinga du fucker med hjertet mitt nå, som oppsummerer tematikken han behandlar fint.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av alexander fallo (@alexanderfallo)

 

Fallo sine dikt har allereie spreidd seg i nye medium, mellom anna via eit samarbeid med klesmerket Holzweiler og som utgangspunkt for låta Under deg av No. 4.

 @ingentingusagt

Også unge Sabina Store-Ashkari (20) frå Vadsø har bygd seg opp ein følgjarskare på Instagram og bokdebuterer denne våren med Ingenting usagt på Cappelen Damm.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Litta påminnelse ?????☀️

Et innlegg delt av Sabina Store-Ashkari (@ingentingusagt)

@Trygve Skaug

Låtskrivar, artist og diktfyr Trygve Skaug har for lengst teke steget frå Instagram til bok, og gjort stor suksess. Den siste samlinga Ikke slipp kom nyleg ut på Cappelen Damm og vart utseld allereie før dei kom ut.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

. Jeg kniper øynene igjen og later som ingenting (sa ingen som forandret verden noensinne) . #følgmednå

Et innlegg delt av Trygve Skaug (@trygveskaug)

@renpoesi

Sist ut er journalist og poesientusiast Ellen Wisløff, som vert kalla eit Instagram-fenomen. Kontoen der ho deler bilete av dikt frå kjende norske poetar har over 100.000 følgjarar. Wisløff har vore redaktør for fleire diktsamlingar og eige julehefte under merkevaren.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

@tidogtanke #øysteinhauge #renpoesi #dikt #lyrikk

Et innlegg delt av @ renpoesi