Nesten ni av ti barn og unge spelar dataspel

Heile 86 prosent av norske 9–18-åringar spelar dataspel. Det viser undersøkinga Barn og medium 2020 frå Medietilsynet. Delen jenter som gamer, har auka.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.04.2020 21:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei ny undersøking frå Medietilsynet har dei sett på gaming blant barn og unge.

Dei mest populære spela for gutar og jenter frå 15- 18 år er Fortnite, Minecraft, Fifa, Grand Theft Auto, Call of Duty.

Sims og Hay Day er kun på topplista til jentene i same alder, medan Counter Strike kun dukkar opp på topplista til gutane.

På spørsmål om kva som er positivt og negativt med gaming seier nesten 6 av 10 som speler dataspel at dataspel er sosialt.

7 av 10 meiner dei blir betre i engelsk og 4 av 10 meiner dei bruker mykje tid på dataspel.

Jentedelen gamerar aukar

Undersøkinga viser at 96 prosent av gutar mellom ni og 18 år spelar dataspel, medan for jenter er delen 76 prosent.

Framleis er det fleire gutar enn jenter som spelar, men delen jenter som spelar, har auka dei siste to åra. Sidan 2018 har delen jenter som spelar dataspel, auka med 13 prosentpoeng.

– Det kan tyde på at kjønnsforskjellane i dataspel er i ferd med å jamne seg ut, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Flest gutar brukar pengar

Pengebruk i dataspel er òg vanleg blant mange barn og unge som spelar. Nesten seks av ti 9–18-åringar som spelar, bruker pengar, ifølgje Barn og medium 2020. Delen er høgast blant gutane.

– Mange foreldre veit sikkert godt kva barna bruker pengar på, og ein del kjøper òg forundringspakkar eller tillegg i spela til barna. Men ikkje alle foreldre er så godt kjende med desse mekanismane, seier Velsand.

Medietilsynet har derfor laga ein eigen kampanje retta mot pengebruk i spel for å gjere foreldre merksame på fenomenet.

Juli 2019: F.v. Norske Emil “Nyhrox” Bergquist Pedersen og austerrikske David “Aqua” Wang held opp pokalane etter å ha vunne VM i Fortnite Duo. (Epic Games via AP)