Dette er dei norske gamerane som tente mest i 2019

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 15.04.2020 11:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje esportearnings.com er det fleire nordmenn som har hatt eit godt år innanfor internasjonal e-sport. Noreg ligg på 14. plass med ei inntening på 30,3 millionar kroner fordelt på 174 spelarar.

Lista viser prispengar tent på e-sport i 2019 basert på offentleg tilgjengeleg informasjon.

Det var gamer.no som først omtala dette.

16-åring vann 13 millionar

Øvst på lista ligg den 16 år gamle Fortnite-spelaren Emil B. Pedersen. Han har 13 millionar i inntening, både i år og totalt.

På topplista over norske spelarar si inntening nokosinne er det berre gutar og menn, og første kvinne kjem ikkje før på 106. plass. Det er Anette Skarderud (35) med nicket «Cazzidy», som har henta heim omlag 50.000 kroner med å spela Counter-Strike.

I 2019 var «Katja» på 68. plass med 9700 kroner, på spelet Rainbow Six Siege Player.

1. Nyhrox (16)

Emil «Nyhrox» Bergquist Pedersen. Foto: Gamepedia

  • Namn : Emil Bergquist Pedersen
  • Inntening (2019): 13,4 millionar kroner
  • Spel: Fortnite
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 52
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 1
  • Talet på turneringar totalt: 13

2019 vart eit suksess-år for 16-åringen frå Re i Vestfold og Telemark. I juli vann han VM i Fortnite, saman med makkar David «Aqua» Wang frå Austerrike. Dei vann 3 millionar dollar, delte premien på to og endte opp med omlag 13 millionar norske kroner kvar.

– Det er som å vinne i lotto på ein god dag. Det er heilt ekstremt. Det er ein av dei største prestasjonane i norsk E-sport, sa e-sportekspert i NRK, Vegard Lien, då.

2. Aitzy (21)

Ludvik «Aitzy» Jahnsen. Foto: Gamepedia

  • Namn: Ludvik Jahnsen
  • Inntening (2019): 2,45 millionar kroner
  • Spel: Playerunknown’s Battlegrounds
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 409
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 5
  • Talet på turneringar totalt: 16

Saman med FaZe Clan har Jahnsen hatt eit godt år. FaZe Clan er etter 2019 det nest beste laget i verda i PlayerUnknown’s Battlegrounds (PUBG), etter dei kom på andreplass i PUBG Global Championship-finala i november.

3. Hunterace (18)

Casper «Hunterace» Notto. Foto: Liquipedia.net

  • Namn: Casper Notto
  • Inntening i 2019: 2,38 millionar kroner
  • Spel: Hearthstone
  • Premiepengar totalt – verdsranking: 394
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 4
  • Talet på turneringar totalt: 25

18-åringen er verdas beste Heartstone-spelar etter at han vann VM i 2019. Der var potten på 2,2 millionar kroner.

– Pengane er ikkje så viktig for meg. Det følest stort å oppnå noko eg har jobba utruleg hardt for og eg er takksam for at eg får driva med det eg elskar, pengane kjem etter, sa han til VG.

 4. MrSavage (15)

Martin «MrSavage» Foss. Foto: Esportsmedia.com

  • Namn: Martin Foss
  • Inntening: 1,64 millionar kroner
  • Spel: Fortnite
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 692
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 9
  • Talet på turneringar totalt: 25

5. Taiga (21)

Tommy «Taiga» Anh Le. Foto: Liquipedia

  • Namn: Tommy Anh Le
  • Inntening: 1,5 millionar kroner
  • Spel: Dota 2
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 682
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 8
  • Talet på turneringar totalt: 35

6. Endretta (14)

Endre «Endretta» Byre. Foto: Twitch/Privat

  • Namn:  Endre Byre
  • Inntening (2019): 1,3 millionar kroner
  • Spel: Fortnite
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 864
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 12
  • Talet på turneringar totalt: 9

7. Rain (25)

Håvard «Rain» Nygaard. Foto: Dreamhack/Flickr

  • Namn: Håvard Nygaard
  • Inntening (2019): 1,2 millionar kroner
  • Spel: Counter-Strike: Global Offensive
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 138
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 2
  • Talet på turneringar totalt: 104

8. Jeemzz (23)

Jim «Jeemzz» Eliassen. Foto: Gamepedia

  • Nick: Jim Eliassen
  • Inntening: 930.861 kroner
  • Spel: PlayerUnknown’s Battlegrounds
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 530
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 6
  • Talet på turneringar totalt: 26

9. Pate1k (17)

Patrik «Pate1k» Zakharchenko Foto: Gambit E-sports

  • Nick: Patrik Zakharchenko
  • Inntening: 929.539 kroner
  • Spel: Fortnite
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 634
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 7
  • Talet på turneringar totalt: 13

10. Jkaem (25)

Joakim «Jkaem» Myrbostad Foto: Liquipedia

  • Nick: Joakim Myrbostad
  • Inntening: 518.247 kroner
  • Spel: Counter-Strike: Global Offensive
  • Premiepengar totalt – Verdsranking: 829
  • Premiepengar totalt – Noregsranking: 11
  • Talet på turneringar totalt: 59

 

Les også om arbeidskvardagen som spelutviklar: – Eg vil seie at arbeidslivet mitt er tyngre enn eg hadde trudd, men også mykje meir engasjerande, seier Catharina (33)

Spelutviklar og dagleg leiar i Sarepta Studio, Catharina Due Bøhler, har sjølvsagt ein avatar som vert brukt i jobbsamanheng. Foto: Privat