Ei framtid utan draumar, er inga framtid

Emma Eikemo

Emma Eikemo
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten vart skrive som skuleoppgåve og har vore publisert i Hardanger Folkeblad.

Vi står midt i ei krise. Ein pandemi. Noko vi ikkje hadde sett kome. Strenge reglar for alt vi skal gjere. Butikken. Vaske hendene. Ta på plasthanske. 1-metersregelen. Viktig. Heimeskule. Ikkje møte vener. Ikkje fest og moro. Ikkje billappen på dagen. Store politiske spørsmål. Land i økonomisk krise.

Kva gjer oss håpefulle for framtida?

Eg tenkjer, grublar, klør meg i hovudet. Er det systera mi på to, som sit på golvet og legg på plass bitane i puslespelet? Er det mannen som halde døra for meg på butikken når eg hadde fulle hender? Er det sjefen min som sa ho kunne ta skiftet mitt, fordi ho såg eg var sliten? Eller er det norsklæraren min, som alltid vil at elevane skal ha det bra?

Men alle beundrar ikkje systera mi. Mannen kan ikkje halde dører for alle. Sjefen min kan ikkje ta skifta til alle i heile Noreg, fordi dei er slitne. Norsklæraren min kan ikkje passe på alle barna i landet, og sjå til at dei har det bra. (Sjølv om ho burde det. Ho burde hatt superkrefter som gjorde det mogleg å redde alle barn frå vonde ting.)

Ifølgje bufdir.no blir det estimert at 5-15 spedbarn blir utsett for mishandling. Omkring fem i Noreg dør av dette kvart år. 21 prosent av ungdom (18-19 år) seier dei har vore utsett for fysisk vald i oppveksten, av foreldra sine. Heile 6 prosent oppgjev at dei har blitt utsett for grov vald. Dei som har blitt utsett for grov vald, har ofte trunge legehjelp etterpå, og har merker på kroppen etter det.

Korleis kan vi sitte i stua, klage på nettskole, klage på å ikkje få sjå vener, klage på å ikkje få sove hos kjærasten, når middagen alltid står klar på bordet halv fire?

Korleis kan vi då sjå for oss ei framtid? Korleis kan vi vere så håpefulle? Korleis kan vi bere på fine draumar som å reise jorda rundt, symje med delfinar, sove i hengekøye mellom to tre med ein varm jervenduk rundt oss? Korleis kan vi sitte i stua, klage på nettskole, klage på å ikkje få sjå vener, klage på å ikkje få sove hos kjærasten, når middagen alltid står klar på bordet halv fire? Når vi kan sitte på kvelden å halde på med kortspel, heile familien, vere med på butikken og plukke ut akkurat det vi vil ha? Korleis kan vi klage, når eg kan leggje meg i senga kvar kveld utan å vere bekymra på kva morgondagen vil bringe?

Eg tenkjer. Fy faen så vanskeleg. Eg vil sette meg inn i alle sider av saka. Eg bruker hovudet, eg kjenner at det vrir seg.

Vi kan vel ikkje tenkje slik? Eg har vel lov til å leve i mi eige boble av draumar, og framtidsplanar? At eg skal meistre. Eg skal kjenne på ein meistringskjensle gjennom heile livet. Det startar med å bli hans, så kan vi oppleve ting saman, flytte saman, vente på tredjemann, skape trygge rammer og gode relasjonar.

Om eg, du, vi, han, ho skulle tenkje på at det alltid er nokon som har det verre enn oss, vil vi aldri kunne nyte kjensla av å ha det så bra sjølv. Vi kan donere pengar til organisasjonar, gje klede til Fretex, putte myntar i koppane på gata, kjøpe blader utanfor butikkane. Vi kan hjelpe. Vi kan bidra. Men vi skal aldri miste vårt eige håp. Det som er ein draum for meg, er kanskje daglegdags for andre. Det dei drøymar om, er kanskje ein heilt vanleg ting for meg. Vi må ha oss sjølv som hovudfokus. Om alle hadde hatt eit mål om å bli den beste versjonen av seg sjølv, hadde statistikkane for vald vore på 0 prosent.

Eg kan ikkje sette mine mål og draumar etter korleis livssituasjonen til andre er. Eg kan ikkje senke min levestandard fordi andre har det mindre godt enn meg. Eg må lære å bruke det. Eg må lære å bruke det eg har fått utdelt. Ein god moglegheit til høg utdanning. Ein familie som har råd til å kjøpe alt eg treng og litt til. Eg trur vi alle må det. Lære oss å bruke dei godea ein får tildelt.

Ei framtid utan draumar er ingen framtid.

Draumar utan framtid er ingen draumar.

Kva gjer oss håpefulle for framtida?

Meg, deg, ho, han, dei. Det er forskjellig. For meg er det dei enklaste tinga som gir meg håp. Systra mi som lærer nye ting kvar dag, mannen med døra, sjefen på jobb, læraren i klasserommet. Det er menneske som desse eg ser opp til. Dei hjelper andre, utan å sjølv tenke over at det betyr så mykje. Dei hjelper andre utan å ville ha noko tilbake.

Dei gjev meg eit håp for framtida. For menneskeheita. Det er desse menneska som reddar liv. Det er desse menneska som gjev draumar. Det er desse menneska som skapar håp.

Det er desse menneska som gjev oss håp for framtida.

Les også: Koronapandemien fører til språk-blomstring: – Ein slags terapi

Koronapandemien fører til danninga av mange nyord. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com