Tore Renberg byr på langlesing

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lesestuntet skjer på Bøker & børst i Stavanger, og det heile blir filma og blir sendt uredigert på Koronerullings Facebook og Youtube-kanal.

Bokomslag: Oktober forlag

Romanen Du er så lys frå 2016 er ein frittståande roman på nynorsk.

– I den nedstengte kvardagen er det mange som blir gåande åleine, pårørande er avskorne frå samvær med sine sjuke kjære. Eg har lyst til å gi eit bidrag i denne tida og eg har trua på at vi menneske har godt av å gjere det vi har gjort sidan tidenes morgon: Samlast rundt leirbålet og lytte til historier, seier Renberg.

Boka, som godt kan karakteriserast som ein dramathriller, følgjer ein lykkeleg familie som blir skaka av den nye naboen Steinar – og den store personlegdommen hans.

– Ideen var karakterbasert, eg ville følgje ein slik person som berre kjem inn i eit rom og fyller det med kraftig kraft. Vi kjenner alle ein slik person, som feiar inn og stel showet. Eg trur mange av oss tenkjer: «Er du slik heile tida? Kva skjuler du?», uttalte forfattaren til NTB då boka kom ut.

Inntektene frå lesearrangementet delar han med Kirkens Bymisjon, og langlesinga finn stad fredag 10. april klokka 12:00 – cirka 20:00.

Les også bokmelding av Du er så lys: Utruleg spennande om det kvardagslege