Tomine Berge
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bokmelding: Utruleg spennande om det kvardagslege

«Har du ei bok på nynorsk?» spurte eg då eg kasta meg over disken i bokbutikken på Gardermoen for eit par veker sidan. Boardinga til flyet mitt stengte straks, men sidan eg ikkje hadde med meg øyreproppar berre måtte eg ha ei bok. Og den skulle helst vere på nynorsk.

Forventningane mine til utvalet var på botn, men medarbeidaren svikta derimot ikkje. Ho fann, ho fann! Ved å hurtig romstere i hyllene trakk ho ut bok etter bok, eit syn som kunne varma eit kvart nynorskhjarte, til eg til slutt fann ei som virka passande.

Boka som stakk av med sigeren vart utgitt i 2016. Forfattar er Tore Renberg, som blant anna har skrive «Mannen som elsket Yngve». Eg kjøpte altså «Du er så lys», og det har eg absolutt ikkje angra på!

Er alt som det skal vere?

Bokomslag: Oktober forlag

Boka handlar om dei gifte foreldra Jørgen og Vibeke, som brått får nye naboar. Steinar, faren i tilflyttarfamilien, skin som ei sol. Han vert alltid festen sitt midtpunkt, slit aldri med å starte ein samtale og har ei utstråling dei fleste misunner han. Kona og sonen hans derimot, ser ein knapt noko til.

Når dei to fedrane Jørgen og Steinar reiser ein tur til London, byrjar Jørgen å kjenne på at noko ikkje er heilt som det skal vere. Vibeke får dei same kjenslene, noko som får dei begge til å lure; kor godt kjenner dei eigentleg Steinar?

Denne boka er utruleg spennande, men i store delar av den er sjølve innhaldet overraskande «vanleg». Eg tykkjer det ligg noko varmt kring det, å lese om det som gjerne kunne vore ditt eige liv. Her snakkar eg altså om kvardagar. Kvelds, familie, tankar og bekymringar, men samstundes også glede og lykkelege augeblikk.

Jørgen og familien er berre ein heilt vanleg familie, som tilfeldigvis får tilsynelatande vanlege nye naboar. Du finn ikkje noko overnaturleg eller valdsfylt krim i denne boka. Det er fint det, i grunn.

Nostalgi

Boka gjev deg ei kjensle av nostalgi; den får deg til å lengte etter å leggje den frå deg for å vende att til ditt vanlege liv, som du no kjem til å like kanskje litt betre. Sånn var det i alle fall for meg, i flyktige små porsjonar. Eg fekk lyst til å skjenke meg eit glas mjølk og berre kjenne at no, no! lever eg verkeleg eit nordisk liv. Eit plutseleg ynskje om å strekke fingrane opp mot taket og berre sjå på dei. Keisamt, men også noko å kjenne på frå tid til annan. Samstundes som ein får desse kjenslene, ynskjer ein at boka aldri skal ta slutt. Kløktig, Renberg.

Hovudpersonen Jørgen fortel om kjenslene sine til det å vere far. Han fortel om arbeidslivet. Angsten for at kona di kjem til å forlate deg til fordel for ein annan mann. Kjensla av at ekteskap skrantar. Bygdedrama. Fotballglede. Eg får den kanskje til å høyrest ut som ei vaksenbok, men så vert me vel alle vaksne ein gong.

Eg fekk lyst til å skjenke meg eit glas mjølk og berre kjenne at no, no! lever eg verkeleg eit nordisk liv

Handlinga skjer på bygda, men boka passar deg, sånn geografisk sett, uansett kvar du bur. Bur du på bygda kjenner du kanskje allereie deg att i nokre situasjonar, og kjenner om mogleg på litt nostalgi. Dersom du bur i byen får du likevel servert topp kvalitets bygdeinnhald rett i hendene dine: vinn-vinn!

Medan eg las denne boka, tok eg meg sjølv i å lure på kvifor ein ikkje kan køyre bil og lese samstundes. Her meiner eg altså ikkje at du SKAL køyre bil og lese på same tid, men du skjøner kva eg meiner. Håper eg.

Eg vart eigentleg fylt av vemod då eg nådde den siste sida. No er det slutt. Det er lett å verte litt lei seg i slike stunder, ein må berre hugse på at det ikkje er for alltid. For å få humøret opp igjen kan ein drikka litt kakao, samstundes som ein trøystar seg med at det kjem fleire bøker.

Kort fortalt er «Du er så lys» definitivt ei bok eg anbefaler. Og best av alt: den er på nynorsk.