Framleis veit ingen kven som starta dødsbrannen på Scandinavian Star

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferja vart sett inn på ruta Oslo-Frederikshavn fredag 6. april 1990. Brannkatastrofen oppstod på den første turen, natt til 7. april, då det byrja å brenne i ein bylt sengetøy utanfor ein lugar ved 2-tida om natta.

Den første brannen vart sløkt av ein passasjer og ein frå mannskapet, men seinare blussa det opp fleire brannar utover natta. Det er ei allmenn oppfatning at nokon med vilje starta brannen, sjølv om det ikkje er bevist.

Dei første meldingane gjekk ut på at alle var redda. Nokre timar seinare vart det klart at mange menneske ikkje hadde komme seg ut. Skipet vart taua til Lysekil i Sverige, der dei omkomne vart henta ut og identifiserte.

Under den første etterforskinga vart det funne manglar ved redningsutstyret om bord. Den norske kapteinen og to danske reiarar vart i 1991 dømde til korte straffer.

Dette biletet er teke 8. april 1990 etter at Scandinavian Star var taua inn til Lysekil i Sverige. Det kjem framleis røyk ut av ferja. Arkivfoto Per Løchen / NTB scanpix / NPK

Betre tryggleik no

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet meiner at tryggleiken i sjøfarten er mykje betre no, 30 år etter ulykka.

– Det er dessverre ofte slik at store ulykker avdekkjer manglar i regelverk eller manglande oppfølging. Slik var det òg med Scandinavian Star. Etter ulykka har det komme fleire endringar i regelverket som har betra tryggleiken, seier Aarhus.

Dette går på alt frå strengare krav til varslingssystem for brann, kva byggjemateriale ein bruker i innreiinga om bord, til ansvarsforhold og rutinar.

Færre ulykker

Han viser til at ulykkestala innan skipsfarten, både for fartøyulykker og personar som blir skadde og omkjem, har gått ned.

– Sidan 2008 har vi òg fått ei ordning der ein har gått bort frå sjøforklaring, men der Statens havarikommisjon går inn og granskar fleire ulykker (både ulykker som har medført tap av liv, men òg ulykker som kunne ført til stor skade eller tap av liv). Vi meiner dette er eit viktig bidrag til å avdekkje både om regelverket blir følgt, og om det er behov for endringar og korrigeringar. I tillegg har vi vår eiga oppfølging av alle ulykker som blir rapporterte inn til oss, seier han.

Ingen konklusjonar

Det har opp gjennom åra vore fleire granskingar og etterforskingar av ulykka.

I 1991 konkluderte Oslo-politiet med at ein dansk lastebilsjåfør med «stor grad av sannsynlighet» var brannstiftaren på Scandinavian Star. Han omkom sjølv i brannen.

I 2014 trekte politiet skuldinga tilbake og slo fast at det ikkje var grunnlag for å peike ut sjåføren som gjerningsmann, sjølv om det var grunnlag for å mistenkje han.

I 2016 la norsk politi vidare bort etterforskinga av ulykka på grunn av mangel på bevis. Støttegruppen etter Scandinavian Star og fleire andre klaga på bortlegginga, men Statsadvokaten stadfesta den i juni 2017.

Også i Danmark er det gjennomført fleire granskingar og etterforskingar, men også der er saka lagt bort.

Scandinavian Star fekk store skadar i brannen, der 159 menneske omkom. Foto: Per Løchen / NTB scanpix / NPK

To ulike kommisjonar

Det er gjennomført to offentlege granskingar av brannen i Noreg.

Tilrådingane til Schei-kommisjonen i 1991 førte til ei rekkje endringar i tryggingsforskriftene, både nasjonalt og internasjonalt. Kommisjonen slo fast at skipet ikkje var klart til å segle med passasjerar 6. april, og at fleire internasjonale tryggingsreglar ikkje vart etterlevde. Fleire andre funn som Schei-kommisjonen gjorde, har vore omstridde.

I 2017 la Stortingets eigen granskingskommisjon fram rapporten sin etter to års arbeid. Olsen-kommisjonen avviste mistankane om sabotasje og konkluderte med at måten den katastrofale brannen utvikla seg på kunne ha ei naturleg forklaring i at stålkonstruksjonen på skipet vart overoppheta. Også desse konklusjonane har fått mykje kritikk.

Styresmaktene, ikkje minst Helsedepartementet og Helsedirektoratet, fekk derimot til dels kraftig kritikk for manglande oppfølging av overlevande, pårørande og etterlatne.

I februar 1994 vart skipet selt til eit Bahamas-registrert reiarlag og døypt om til Regal Voyager. Ti år seinare vart skipet hogge opp i Alang i India etter å ha gått i ferjefart både i Middelhavet, Sør-Amerika, USA og Karibia.

Minnesmerket etter Scandinavian Star-ulykka vart avduka ved Akershus festning fredag 7. april 2006, på dagen 16 år etter brannkatastrofen i Skagerrak. Monumentet er laga av kunstnaren Jon Torgersen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK