Då eg var 20: Jørn Lier Horst las billege, amerikanske pocketbøker på brakka

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bamlingen Jørn Lier Horst (50) debuterte som forfattar i 2004 med kriminalromanen Nøkkelvitnet. Romanen er basert på det uoppklarte drapet av Ronald Ramm, som Horst hadde god kjennskap til.

Han hadde nemleg sin første arbeidsdag hjå Larvik politistasjon den dagen Ramm vart funnen død, 8. desember 1995.

Som forfattar har Jørn Lier Horst drege nytte av erfaringa si i politiet, og han arbeidde som etterforskingsleiar i Vestfold politidistrikt heilt fram til 2013.

Sidan bokdebuten har Horst gjeve ut omtrent ein kriminalroman i året, og vorte ein av Noregs mest produktive og hylla krimforfattarar.

Horst sin bokserie om politietterforskaren William Wisting har også vorte tilpassa til skjermen: 

Jørn Lier Horst er ikkje berre ein favoritt hjå vaksne krimelskarar, han har også skrive fleire titals spenningsbøker for barn og unge i dei to seriene CLUE og Dektektivbyrå nr. 2. Under fjorårets Sommarles-kampanje for barn var Horst-boka Operasjon Mørkemann desidert mest lesen.

Då han var 20 år visste Jørn Lier Horst at han ville skrive, men han valde likevel å gå i ei litt anna retning:

Kor var du då du var 20?

Det var i 1990/91. Det meste av det året vart brukt i militæret, på Evjemoen.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du? (Jobb/utdanning)

Militærlivet er rutinemessig. Etter rekruttskulen blei eg kontorassistent ved vaksenopplæringa. Det var medan eg var der at eg søkte politiskulen.

Kveldane og helgane gjekk med til kortspel og lesing. Med TV på fellesrom og berre eín kanal, vart det mykje lesing.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Eg har fleire nyheitsminner frå militærtida. Det sterkaste er brannen på Scandinavian Star, men dette var også då Gulfkrigen braut ut, omtrent samstundes som kong Olav døydde.

Men det var også Twin Peaks på TV og stor stas at Mona Grudt vart Miss Universe.

Kven kan vel gløyme dette ikoniske augeblikket? 

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hugsar eg låg på brakka og las Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug, og også Ingvar Ambjørnsen sin kriminalroman Den meksikanske kvinnen.

Elles gjekk det mykje i billige, amerikanske pocketbøker. Mykje grøssarar. Stephen King var ein gjengangar.

Omslag frå Cappelen Damm. Foto av Stephen King: Evan Agostini/Invision/AP

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det var då eg møtte Beate, som eg gifta meg med fem år seinare.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg byrja å stake ut ein kurs. Eg ynskja meg eit skrivande yrke – og søkte det som den gong heitte journalisthøgskulen, men valde politiyrket.

Visste du at Horst også har skrive plottet til den kortliva TV Norge-serien «Dødens tjern», som blanda reality og krim?

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg trur ikkje eg tenkte så mykje på framtida. Eg har alltid vore ein person som likar å leve her og no.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Der går ein kjedelig fyr.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Slapp av, alt ordnar seg.

 

Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat