Ingen påske utan krimkrig på skjermen – her er årets påskekrimmar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påskehøgtida nærmar seg, og ho blir ekstra lang og spesiell i år.

Men ein ting kan vi stole på: Det blir påskekrim på TV. Både TV 2 og NRK følgjer opp tradisjonen, og på strøymetenestene er tilbodet på spenningsfronten nesten uendeleg.

Årets påskekrim frå NRK heiter «Tilståelsen», og her møte vi politietterforskar Stephen Fulcher (Martin Freeman) som risikerer mykje når han får ei forsvinningssak på bordet. Serien er basert på ei sann historie om ein politietterforskar som risikerte karrieren og omdømmet sitt for å fange ein drapsmann.

Martin Freeman har hovudrolla i «Tilståelsen» på NRK. Foto: ITV / NRK

Alle episodane ligg ute frå fredag 3. april, men vil ein sjå dei på lineært vis, kan ein sjå to episodar kvar dag frå søndag 5. april til tysdag 7. april, melder NRK.

Same kanal vartar òg opp med spenningsserien «Deadwater Fell», der vi blir kjende med ein mann som mistar kone og barn i ein tragisk husbrann. Spørsmålet er berre om det var ei ulykke.

David Tenant leiar an på rollelista i desse fire episodane som også ligg ute frå fredag 3. april i NRK TV. Også denne serien kan følgjast lineært, der to episodar blir sende høvesvis onsdag 8. og torsdag 9. april.

David Tenant spelar familiefaren som blir ramma av ein grufull og mystisk brann. Cush Jumbo spelar naboen hans i «Deadwater Fell», som du kan sjå på NRK frå 3. april. Foto: Channel 4 / NRK

Nærum-krim på øyret

Den velkjende kriminaletterforskaren Vera Stanhope får òg skjermtid i regi av NRK denne påsken. Fire nye mordgåter i Northumberland blir lagde ut i NRK-tilbodet 3. april. Denne serien blir òg send etappevis – med ein episode kvar dag frå fredag 10. april til måndag 13. april.

Rullar inn i Landroveren: «Vera» er tilbake til påske i sin tiande sesong på NRK. Brenda Blethyn spelar tittelrolla. Foto: NRK

Vil ein samle heile familien framfor skjermen, kan NRKs Superkrim vere eit alternativ:

10 episodar med kjende NRK-profilar som blir vikla inn i ulike mysterium blir sende frå laurdag 4. april. Det blir daglege episodar på NRK Super og dessutan blir episodane lagde ut dagleg i NRK TV, i NRK Super-appen og på nrksuper.no.

Årets påskekrim frå NRK Radioteatret har tittelen «Isblind» og er skriven av Knut Nærum.

Her blir vi bodne på ein påskekrim i fire delar og vi følgjer den namngjetne etterforskaren Oberon Qvist når han blir kopla på ei drapssak – som fører han til eit forskingsskip.

Dei fire episodane tel 40 minutt kvar og blir sende på P1 og P2 i veke 15. Alle episodane blir òg tilgjengelege på nett frå fredag 3. april.

TV 2 har påskemenyen klar

Årets påskekrim på TV 2 er basert på Agatha Christies «The Pale Horse», melder kanalen. Krimserien har på norsk har fått tittelen «Den fjerde rytter».

Forteljinga blir beskriven som ein klassisk mørk Agatha Christie-krim som handlar om Mark Easterbrook, viss namn dukkar opp på ei mystisk liste – funne i skoen til ei død kvinne. Etter kvart som personar på lista døyr, byrjar Marks tilsynelatande perfekte fasade å rakne.

Rufus Sewell dukkar opp i TV 2s påskekrim «Agatha Christie: Den fjerde rytter» saman med blant andre Georgina Campbell. Foto: TV 2

Serien, som tek oss med til året 1961, hadde premiere på BBC tidlegare i år – og fekk høge sjåartal. The Guardian gav serien fire av fem stjerner og meldaren skreiv: «Sarah Phelps’s siste Agatha Christie-krimserie skildrar mystiske ting på ein mordarisk god måte».

«Den fjerde rytter» består av tre episodar som blir frå sende 9.–11. april på TV 2 og TV 2 Sumo.

Vi får òg gjensyn med fleire krimseriar på TV 2 i påskeveka: «Agatha Christie: Døde spor» som blir vist måndag 6. og tysdag 7. april, og dessutan «Agatha Christie: Mord etter alfabetet» som blir vist onsdag 8. og skjærtorsdag 9. april.

Også filmen «Sherlock Holmes: A Game of Shadows» gir påskekrim-stemning i heimen når den landar på skjermane 1. påskedag 12. april.

Og har du gått glipp av «Wisting», «Monster» eller «Fargo»? Sjekk lista under.

Tips til spenningsseriar som kan strøymast:

Netflix: «Stranger Things», «Mindhunter», «Broen», «The Sinner», «Broadchurch» og «Maniac».

HBO Nordic: «The Night Of», «True Detective», «Fargo», «Twin Peaks», «Top of the Lake», «Beforeigners», «Det som göms i snø», «Sharp Objects».

Viaplay: «Animal Kingdom», «Fargo», «Wisting», «Heder», «Forhøret», «Den som dreper: Mørket», «Proven Innocent».

Amazon Prime: «Tom Clancy’s Jack Ryan», «Carnival Row», «Bosch».

TV 2 Sumo: «Broen», «Bäckström», «Hamilton», «Line of Duty», «Wallander», «Beck»-filmserien, «Modus», «The Night Manager» og «Fargo».

NRK TV: «Babylon Berlin», «Innesperret», «Tause vitner», «Tunnelen», «Valkyrien», «Monster», «Shetland», «Springflo», «Bancroft», «Twin» og (frå arkivet) «Rød snø» og Blindpassasjer».