Då eg var 20: Harald Eia var med på å avverja eit valdtektsforsøk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilt sidan 90-talet har Harald Eia vore heile Noregs spilloppmaker, oftast saman med makker Bård Tufte Johansen. Men dei siste åra har Eia slått seg saman med Nils Brenna og gravd jamleg i andre folk sine personlegdommar i radioprogrammet Sånn er du på P2.

Etter å ha vore ein tur innom TVNorge med tv-konseptet Brille er 54-åringen no attende i tv-ruta til statskanalen med populærvitskapelege Sånn er Norge, der han rettar søkelyset mot det norske folk.

Sidan Eia er glad i å grave i både mennesker og fenomen har me spurt kven han sjølv var som 20-åring:

Kor var du då du var 20?

Då sat eg på lesesalen på Universitetet i Oslo og las filosofi grunnfag.

Korleis var kvardagen?

Dagane var ganske like: Ta offentleg transport frå Rykkinn til Blindern i éin time. Studere. Trene. Studere meir. Ete. Drikke øl. Ta siste buss heim.

Hugsar du kva som skjedde?

Ja, det var første gong eg møtte mange andre som var meir skuleflinke enn meg. Det tvinga meg til å finne ut kva eg var betre enn andre på (og det var ikkje filosofi), og det var uhyre nyttig. Det fekk meg bort frå idéen om at den einaste peilepinnen min i livet er kva eg syntest var interessant og morosamt. Plutseleg blei mine dårlege og gode sider tydelegare for meg.

Ti år etter at Harald Eia byrja på filosofi grunnfag flokka norske tv-sjåarar til tv-programmet Lille Lørdag:

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg brukte all mi tid på å lesa og forstå den tyske filosofen Martin Heidegger.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja. Det var det vanlege: drikke øl på puben på Blindern, gå ut på byen, vere med ei jente på 25 år, som var tidlegare punkar, heim.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

At eg var vitne til eit valdtektsforsøk. Eg var med på å avverja det.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei. Eg ante ingenting om det då eg var 20. Og eg tenkte ikkje noko på det heller.

Harald Eia var ikkje uroa for framtida som 20-åring. I dag er 54-åringen tilbake på NRK som programleiar for infotainmentprogrammet Sånn er Norge. Foto: NRK

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Heilt ærleg: Eg tenkte at eg var så flink at eg kjem til å klare meg.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

At det var ein fyr som prøver for mykje å imponere andre og seie morosame og rare ting.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Lytt meir til andre. Ikkje berre kjøp klede på loppemarknad. Klipp deg hjå ein profesjonell.