SMB Norge: – Noreg kan miste ein generasjon av gründerar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 07.01.2021 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan teknologifallet rundt år 2000, har innovasjonsmiljø sakte, men sikkert bygd seg opp. Dette har skjedd parallelt med ein stadig større tilgang til risikokapital.

Ifølgje SMB (små og mellomstore bedrifter) har denne tilgangen no tørka ut.

Olaf Thommessen, SMB Norge. Foto: SMB

– Viss vi ikkje handlar med ein gong står vi i fare for å miste ein heil generasjon av gründerar, seier administrerande direktør i SMB Norge, Olaf Thommessen.

– Investert alt dei eig

I ei pressemelding seier SMB at dei er uroa for bedrifter som har kome eit stykke på veg, men som treng meir kapital for å kome i mål.

– Mange gründerar i denne fasen har investert alt dei eig og har for å hjelpe bedrifta over den siste kneika. No risikerer dei å miste alt, seier Thommessen.

Har store forventingar

SMB Norge har sendt eit forslag til ein omfattande tiltakspakke til både regjeringa og Stortinget.

Thommessen seier dei har store forventningar til at regjeringa kjem desse bedriftene i møte.

– Vi veit at ikkje alle kjem til å overleve denne krisa, men no handlar det om å redde så mange som mogleg.