Amerikanske TV-seriar donerer smittevernutstyr

Tv-seriar som Grey's Anatomy, Station 19, The Good Doctor, Pose og The Resident donerer smittevernutstyr til eit sterkt pressa amerikansk helsevesen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over heile verda er helsevesenet pressa i møtet med koronaviruset Covid-19, både på menneskelege ressursar og smittevernutstyr.

I USA har talet på registrerte koronasmitta meir enn dobla seg sidan torsdag – frå 13.789 til 35.060, ifølgje Worldometer.

No har fleire tv-seriar donert utstyr til sine lokale sjukehus, melder Vice.

Masker, frakkar og hanskar

Sjukehusserien The Resident, som går på tv-kanalen Fox, har måtte utsetja innspelinga og donerte rekvisittar som masker, drakter og hanskar til Grady Hospital i Atlanta, byen der serien vert spelt inn.

Ein lege ved sjukehuset delte dette biletet på Instagram før helga:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

“Look for the helpers. You will always find people who are helping.” . To the entire team @theresidentonfox, thank you for this incredibly generous donation of #PPE from your set, including gowns, masks, gloves, and all the things our healthcare workers need to provide safe care for our community during #COVID19. . Yesterday, I had a serious discussion with the residents about how, though supplies are low, a magical shipment of masks is unlikely to arrive. And yet, a magical shipment of masks DID arrive, in the form of this very generous gesture. This kind of community support means so much to our #frontlineproviders who are making many sacrifices to staff our hospitals and care for our community. . Thank you, @theresidentonfox and @foxtv for being helpers. We needed this kind of good news today. . PS: Sorry it’s not a great pic, but the focus was not on the photo at the time. Similarly, the team @theresidentonfox are good citizens doing good deeds and not looking for a shout out. Though I encourage all to support The Resident and the great team behind the show and to pay their good deed forward any way you can. . #Hurstlife #residentlife #emoryIMresidents #lookforthehelpers #gratitude

Et innlegg delt av klaw (@karen.ll.law)

Serien skal vere den første som donerte utstyret sitt til helsevesenet, men er langt ifrå den einaste.

Også den populære tv-serien Grey’s Anatomy, spin-off serien Station 19 og The Good Doctor, som alle går på ABC, donerer utstyr til kampen mot korona i heimstaten California.

Det same gjer FX-serien Pose og NBC-seriane Chicago Med, Chicago Fire og Chicago PD.

Skodespelar Daniel Dae Kim, som for tida er å sjå i ABC-serien The Good Doctor har testa positivt for Covid-19 og har brukt Instagram til å oppdatere følgjarane sine om sjukdommen. Foto: ABC/David Bukach

Pence ba om masker frå byggebransjen

Det dreier seg mellom anna om hanskar og drakter frå Grey’s Anatomy og 300 N95-masker frå brannstasjonen i Station 19 til brannvesenet i Ontario. Førre veke oppmoda visepresident Mike Pence byggebransjen om å donera slike masker til sine lokale sjukehus.

– Me er alle overvelda av takksemd for våre helsearbeidarar i denne utruleg vanskelege tida. I tillegg til desse donasjonane, gjer me vårt for å hjelpa dei ved å bli heime, skriv Krista Vernoff, som er manusforfattar og produsent for Grey’s Anatomy, i ei uttaling til ET.

Også tv-serien New Amsterdam har donert smittevernutstyr til New York, som er den hardast råka staten i USA.

Senka smittevernkrav

På NRK Nyhetsmorgen måndag 23. mars fortel USA korrespondent Anders Magnus at prisane på smittevernutstyr har auka kraftig frå rundt 3 kroner stykk til 70 kroner for ei maske.

Førre veke skreiv VG om amerikanske helsearbeidarar som var svært uroa for mangelen på smittevernutstyr og fortel at dei må bruke det dei har gjentekne gongar.

På grunn av mangelen på smittevernutstyr har etaten for smittekontroll, CDC, firt på krava. Dei opnar for å bruke kirurgiske munnbind i dei fleste situasjonar, framfor masker med andedrettsvern. Vidare får ein bruke maskene lenger enn haldbarheita tilseier.

Når utstyret er tomt er rådet frå CDC at gravide og personar i risikogruppa ikkje skal behandla koronasmitta, at dei som sjølv har vore smitta og friskmelde kan ta over behandlinga og at helsearbeidarar kan bruka heimelaga smittevernutstyr, som til dømes bandana og skjerf. Smittevernetaten understrekar likevel at dette ikkje vert rekna som tilstrekkeleg smittevern, ifølgje VG.

Les også: 17 pandemi-filmar du kan sjå medan du sit isolert heime