20.000 kroner i bot til koronasmitta etter fest
Vest politidistrikt har skrive ut eit førelegg på 20.000 kroner til ein koronasmitta som skal ha brote heimeisolasjonen og drege på fest.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vedkomande er stadfesta smitta med Covid-19, og førelegget vart gitt etter at vedkomande braut lovpålagd isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag.
Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrt fleire personar, skriv politidistriktet i ei pressemelding.
Dei vil ikkje opplyse kjønn og alder på personen, eller kvar i politidistriktet det skjedde.
– Personen har vorte orientert om førelegget måndag. Blir ikkje bota betalt, risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar. Vi håpar folk skjønar alvoret i situasjonen landet står i og innrettar seg etter gjeldande lover, reglar og retningslinjer, seier påtaleleiar Gunnar Fløystad i Vest politidistrikt.