Yrket mitt: Petter (28) er skipsdesigner

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid synest det har vore interessant med ting som flyt og korleis det bevegar seg i vatn, men tenkte aldri at det var noko ein kunne jobbe med, fortel Petter Svardal Langeland på e-post til Framtida.no.

28-åringen frå Florø fortel at det var litt tilfeldig at valet fall på akkurat skipsdesign, då han eigentleg var litt lei av realfag etter vidaregåande. Han var likevel bestemt på at det måtte vere byggteknisk og at han ville studere i Ålesund.

– Eg las ein del om studiet, og eg vart veldig nysgjerrig på det. Eg har i alle fall aldri angra på valet eg tok.

– Svarte det til forventingane? 

– Både og. Eg var sikker på at eg skulle designe båtar når eg var ferdig utdanna, men eg ser at det er mykje anna spennande innanfor yrket eg har lyst til å drive med òg.

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

– Ja. Utdanninga i Ålesund var ganske tverrfagleg og spesielt retta mot skipsbygging. Det var stort fokus på det praktiske, noko eg trur har hjelpt meg ein god del.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

– Typisk kontorarbeid for meg er å gjere diverse stabilitetsberekningar og lage teikningar for rederi og verft som skal sendast inn til godkjenning. Elles dukkar det ofte opp små og store førespurnadar frå rederi eller verft med ymse problemstillingar knytt til stabilitet.

– Det er sjeldan eg jobbar med berre éin ting gjennom en heil arbeidsdag. Som stabilitetsansvarleg får eg også reist en del rundt på verft for å verifisere vekt og stabilitet på skip under bygging.

Ferja Horgefjord er ei av ferjene som er designa av Multi Maritime AS. Foto: Multi Maritime

– Kva er det beste med jobben? 

– Det er spennande å jobbe med prosjektarbeid i ein bransje som heile tida ser opp og framover med kundar over heile verda. Mykje variert arbeid gjer at det er sjeldan at ein vert lei.

– Eg får som sagt reist og sett en del og det er veldig kjekt å følge prosjekt så og seie frå teiknebrettet til eit ferdig skip.

– Elles er det veldig greit med fleksitid!

– Kva er det mest utfordrande? 

– Det er mange reglar og forskrifter ein må halde seg til når ein skal bygge skip, og ingenting blir gjort «tilfeldig». Det er veldig mykje røyr og utstyr som skal integrerast i designet i tillegg til at det skal vere ein god arbeidsplass for mannskap.

Når skipet i tillegg skal byggast i eit anna land så er det mange utfordringar berre der. Men hadde det vore enkelt så hadde det sikkert ikkje vore like kjekt!

– Kven passar yrket for? 

– Den som er interessert i maritim industri og teknologi generelt, og spesielt flytande konstruksjonar.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ein bør som sagt ha ei maritim interesse då jobben til tider kan vere veldig krevjande, og ein bør være glad i realfag. Utdanninga er ganske tverrfagleg og krevjande, men til gjengjeld får ein mogelegheit til å jobbe med spennande prosjekt over heile verda.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Om ikkje utruleg, så var det i alle fall tøft første gong eg besøkte eit verft i Tyrkia. Der fekk eg sjå ei av fergene våre som låg på land der skroget var ferdig bygd. Det var eit ganske mektig motiv.

Kontorutsikt som denne, er ein av grunnane til at Storøy søkte seg til eit yrkesliv på havet. Foto: Malin Frøystadvåg Storøy

Petter Svardal Langeland

Alder: 28

Frå: Florø

Yrke: Skipsdesigner i Multi Maritime AS

Utdanning: Bachelor og Master i Skipsdesign v/NTNU i Ålesund