Historisk milepåle for filmindustrien: Like mange kvinnelege hovudroller som mannlege

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2019 var eit historisk år i filmindustrien:

For første gong noko sinne var det like mange kvinnelege hovudroller i familiefilmar som det var mannlege.

Det viser ein ny studie, som er først omtalt hjå CNN.

Dobbelt så mange kvinner

Studien er utført av Geena Davis Institute on Gender and Media, ein ideell forskingsorganisasjon stifta av Oscar-vinnar Geena Davis.

Skodespelar Geena Davis er mest kjend for rolla som Thelma i klassikaren Thelma & Louise. Foto: Geena Davis Institute on Gender and Media

Organisasjonen har granska dei 100 mest inntenande familiefilmane i USA og analysert kor godt dei viser representasjon av både kjønn, rase, LHBT+, alder og kroppsmangfald.

I 2007 hadde berre 24 prosent av dei mest populære familiefilmane kvinneleg hovudrolle. På tolv år har delen stige til 48 prosent (2019).

Grunnleggjaren av organisasjonen, Geena Davis, seier til CNN at denne kjønnsbalansen kan bety at jenter i større grad vil sjå at dei er like viktige som gutar, medan gutar vil oppfatte jenter som likverdige.

– Når du ser nokon som deg sjølv gjenspegla, tek du til deg beskjeden: «Der er nokon som meg, eg må høyre til». Difor er det avgjerande for barn å sjå – frå starten av – fiktive verder som speglar den ekte verda, som er halvt kvinneleg og veldig mangfaldig, seier skodespelaren til CNN.

Frå rapporten Seen Jane 2020. Omsett til norsk av Framtida.no.

Fleire farga hovudroller

Det er ikkje berre i kjønnsbalansen studien ser teikn til betring.

Det er også fleire farga hovudkarakterar på filmlerretet. I 2007 var berre 22 prosent av hovudrollene farga, medan prosenten i fjor hadde stige til 30 prosent.

Kvite karakterar vert likevel oftare framstilde med ein høgare sosio-økonomisk status og oftare som leiarar.

Samstundes er det historisk høg representasjon av funksjonsnedsetjing: 8 prosent av familiefilmane hadde ein karakter med funksjonsnedsetjing.

Skeive karakterar kler av seg

Filmindustrien kan likevel ikkje kvile på laurbæra, den har framleis ein veg å gå. Framleis er grupper som farga kvinner og eldre menneske underrepresentert, og sameleis med kroppsmangfaldet.

Frå rapporten Seen Jane 2020. Omsett til norsk av Framtida.no.

Berre 2 prosent av fjorårets største familiefilmar hadde ein hovudkarakter som var LHBT+. Dette er ei negativ utvikling frå 2018, då det var historisk høgt med 5 prosent.

Når ein skeiv karakter først er på skjermen, er det likevel meir sannsynleg at vedkomande har på seg avslørande klede enn ein heterofil karakter (27,8 prosent mot 8,8 prosent), samt at den skeive karakteren døyr.

– Det er framleis mykje arbeid som gjenstår, men vi er så motiverte av den framgangen som vert gjort, seier Davis til CNN.

Frå rapporten Seen Jane 2020. Omsett til norsk av Framtida.no.