ID-korta kjem hausten 2020

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye pass og nasjonale ID-kort skulle opprinneleg vera klare i desember 2016, men har blitt utsett fleire gonger. No fortel politiet i ei pressemelding at planen framleis er å lansera nye pass og ID-kort i år.

– Det er eit høgt prioritert tiltak for politiet, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad i ei pressemelding.

Før sommaren skal det fastsettast ein lanseringsdato, og politiet lovar då meir informasjon om dei nye dokumenta.

Årsaka til dei nye identifikasjonspapira er å sikra at ein person kun skal ha eín identitet i Noreg.

Fakta om nye pass og ID-kort

  • Passet du har i dag er gyldig til utløpsdato. Du treng difor ikkje å søke om nytt pass før ditt gamle går ut.
  • Det nasjonale ID-kortet er eit offentleg utgjeve ID-dokument. Det er frivillig å ha eit nasjonalt ID-kort.
  • Du kan nytta kortet når du ynskjer å legitimera deg og når det er krav om legitimasjon, til dømes på posten og i banken.
  • Du kan nytta ID-kortet som reisedokument i EØS-området, slik du i dag nyttar passet. Om du skal reisa utenfor EØS-området, må du ta med deg pass.
  • Personar som av ulike årsakar ikkje oppfyller vilkåra for eit reisedokument, til dømes folk som har eit vedtak om nekting av pass, kan få eit nasjonalt ID-kort utan reiserett til legitimasjonsformål.
  • Nasjonalt ID-kort utan reiserett kan også bli gjeve ut til mindreårige mellom 13 og 18 år utan samtykke frå foresatt. Likevel vil mange personar i denne kategorien måtte møte hos politiet med ein foresatt, for at politiet skal kunne gjere ei fullverdig vurdering av om identiteten er godtgjort.
  • ID-kortet er på storleik med andre plastkort me har i lommeboka, som til dømes bankkortet.
  • I statsbudsjettet vert det lagt til grunn at det blir same pris for pass og ID-kort. 570 kr for vaksne, 342 kr for born.

Les også: No kan du ha førarkortet på mobilen din

Ny app for lapp: No får du førarkortet ditt som eigen app frå Statens vegvesen enten du er på iPhone eller Android-telefon. Nesten 700.000 har lasta ned appen sidan lanseringa måndag. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK