«Eit svik mot barna våre»

Mina Vinje, Press og Edel-Marie Haukland, KrFU.
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag vert skjebna til mange barn avgjort.

Fristen for å sende inn innspel på eit lovforslag Regjeringa har sendt ut på høyring, går ut i dag.

Forslaget går ut på å gi Utlendingsdirektoratet det lovfesta omsorgsansvaret for einslege asylsøkande barn mellom 15 og 18 år.

Kan ikkje akseptere diskriminering

Endringane som vert føreslått er i realiteten ei lovfesting av at barn, mellom 15 og 18 år som har flykta åleine til Noreg, får eit dårlegare omsorgstilbod enn andre barn.

Vi kan ikkje akseptere at barn vert diskriminert og systematisk forskjellsbehandla på denne måten.

Det vil vere i direkte strid med ei rekke artiklar i FNs barnekonvensjon. Press og KrFu meiner forslaget bør skrotast – det er ein dårleg idé å lovfeste diskriminering av barn.

For viktig for politisk spel

Barna har blitt utsett for omsorgssvikt for lenge, og alle partia har eit felles ansvar for at det ikkje har blitt gjort noko med problemet. Regjeringa tek no tak i saken som lenge har ligge uavklart, men kjem med eit dårleg forslag som truleg også vil få Ap og Frp si støtte på Stortinget.

Barn sine rettar er for viktige til å rote bort i eit politisk spel. Dersom lovforslaget blir ein realitet, fører det til at staten systematisk diskriminerer barn. Det er uakseptabelt.

Der andre barn har omfattande og strenge krav for korleis oppfølginga skal vere, må desse barna klare seg med eit forsvarligheitskrav utan reelt innhald.

Systematisk forskjellsbehandling av barn

Kontrastane mellom omsorgen barn i mottak får, samanlikna med andre jamnaldrandre, er store. På mottaka er bemanninga dårlegare og kompetansen lågare.

Vi veit at mange av desse barna slit med alvorlege, psykiske problem og slit med traumer etter krig og farefull flukt.

Der andre barn har omfattande og strenge krav for korleis oppfølginga skal vere, må desse barna klare seg med eit forsvarligheitskrav utan reelt innhald.

Ei slik systematisk forskjellsbehandling av barn bør ikkje finna stad i Noreg, og Stortinget bør i det minste la vere å innføre nye lover som legg opp til nettopp det.

I strid med barnekonvensjonen

Forslaget vil også vere eit brot på FNs barnekonvensjon – der vert det slått fast at å forskjellsbehandle barn på bakgrunn av økonomiske omsyn, er i strid med barnekonvensjonen.

Både FNs Barnekomite, Menneskerettskomiteen og Torturkomiteen har kritisert Noreg for behandlinga av einslege asylsøkande barn.

Om Stortinget no går inn for å lovfeste denne praksisen vil ein altså, ifølgje ei rekke faginstansar, gjere eit direkte brot på barnekonvensjonen.

I tillegg har Norges Institusjon for Menneskerettigheter hatt ei juridisk gjennomgang og konkluderte med at einslege asylsøkande barn over 15 år allereie er utsett for usakleg forskjellsbehandling i strid med barnekonvensjonen. 

Om Stortinget no går inn for å lovfeste denne praksisen vil ein altså, ifølgje ei rekke faginstansar, gjere eit direkte brot på barnekonvensjonen.

Samfunnet kan ikkje godta forslaget

Regjeringa sitt forslag forskjellsbehandlar barn og gir omsorgsansvaret for ei gruppe barn til ein institusjon som ikkje har kompetansen eller ressursar til å ta hand om barna på ein god måte.

Omsorgsansvaret burde derimot ligge same stad som det gjer for alle andre barn.

Om lovforslaget går gjennom på Stortinget, så sviktar vi barna våre. Det kan ikkje vi som samfunn godta.


Har du også noko hjarta?
Politisk, personleg, underhaldande eller anna? Send til oss: tips(a)framtida.no.