69 prosent svarer at det er viktig å halde oppe olje- og gassindustrien.
17 prosent svarer at det ikkje er viktig, medan 14 prosent svarer at dei ikkje veit.
Det viser undersøkinga som er gjennomført av Kantar på oppdrag frå Norsk olje og gass.
- Les også: 1 av 8 stolar ikkje på klimaforskinga
– Viser kor vesentleg industrien er

Norsk olje og gass synest det er oppmuntrande at så mange sluttar opp om oljenæringa.
– Det viser at ein ser kva tyding næringa har hatt og har for landet vårt og kor vesentleg industrien er framover òg for å skape nye næringar, seier administrerande direktør Knut Thorvaldsen i Norsk olje og gass.
- Visste du at 63% av oss meiner verda står ovanfor ei klimakrise?
Les meir i listesaka om klima-statistikk her.

Oppdatert:
torsdag 5. mars 2020 14.10