Feministisk video gjekk viralt – blir kritisert for dobbeltmoral

Videoen «Be a lady, they said» har til saman over 5 millionar avspelingar og har blitt hylla for sin feministiske bodskap. No får avsendarane kritikk for dobbeltmoral.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen har truffe ei nerve og blitt spredd over alt i sosiale medium. Skodespelar Cynthia Nixon blir hylla for si framføring av diktet «Be a lady, they said» skrive av Camille Rainville i 2017.

Rainville var berre 22 år gamal då ho skreiv diktet. Teksta tek opp alle dei beskjedane kvinner blir bombardert med kvar dag, som stadig kjem i konflikt med kvarandre. Korleis kvinner snakkar, kler seg og oppfører seg.

Den tek opp korleis kvinnekroppen vert objektivisert og målt etter umoglege standardar. Korleis valdtektskultur og offer-skulding får ta plass.

– Kle deg beskjedent. Ikkje ver forførande. Menn kan ikkje kontrollera seg sjølv. Menn har behov. Du ser uattraktiv ut. Slepp deg laus. Vis litt hud. Sjå sexy ut. Ver heit. Ikkje ver så provoserande. Du ber om det, proklamerer Nixon.

Men kven står bak filmen?

Fillmen har truffe ei nerve og blitt delt og hylla i sosiale medium, men i ei norsk kvinnegruppe på Facebook tok nokon seg tid til å sjå kven som var avsendaren av filmen.

Magasinet Girls.Girls.Girls er dei som står bak, men framstår å vera ein stor bidragsytar til nettopp det filmen kritiserer.

Om du vil kjøpe magasinet på Boutique Mags er dette skildringa som står om magasinet, omsett til norsk:

«Girls.Girls.Girls tek tilbake ei tid der kvinner i mote handla om polering, luksusen og den totale fantasien. Då motemagasin var ei ren utskeiing og misunneleg streben. Magasinet lovar å bringe tilbake litt etterlengta dagdrøyming frå ei altfor ekte verd, fotografisk sett. Ingen grunge, berre glamour.»

Fleire reagerer på at filmen knapt har med farga folk og ikkje viser nokon «normale» kroppar. Det er berre endå meir av det polerte og photoshoppa. Og kikkar ein på Instagram-kontoen til magasinet, er dette noko av det ein finn:

Skjermdump frå Instagram @girls.girls.girls.magazine

– I call BS, skriv ein Facebook-brukar.

– Er det ikkje berre å reprodusere dei same gamle stereotypane, men med eit liksom-“moderne feministisk” kommentarspor? spør ei anna.

Pink washing

Skodespelar Julie Støp Husby er blant dei som har kritisert dobbeltkomunikasjonen frå motemagasinet.

– Når ein ser på Instagram-feeden deira og estetikken dei har i bladet, kan ein bli forleda til å tru at det vi skal hente kvinna tilbake til er ei slags objektiviseringas høgborg, skriv ho mellom anna på Facebook.

Ho dreg fram omgrepet «pink washing», som viser til at kommersielle interesser tek i bruk feministisk retorikk og verkemiddel for å virka som dei heng med i tida og dimed få betre ry og selgje meir.

– Eg veit ikkje om det er det me har å gjere med her, eller ei slags utvatna 2020-feminisme der girlpower er å flashe ræva og gjera seg sjølv til sexobjekt fordi det er veldig frigjerande liksom, men eg trur (og veit) at mange av dei som deler denne filmen kanskje ikkje er så hyppe på å gi det magasinet meir cred eigentleg.

Til Framtida seier ho at ho trur dette er ein av farene med at feminismen har blitt meir mainstream.

– I vår sosiale medium-drivne tid får flash, effektar og raske følelsar fort fortrinn over nyansar og dybde. Det synest eg denne videoen er eit tydeleg symbol og symptom på.

Les også: Demonstrerer mot kvinnevald med viralt kamprop: Over heile verda samlast kvinner no i eit feministisk kamprop for å setje fokus på drap og vald mot kvinner – også i Noreg.

Flashmob av "Un violador en tu camino - Lastesis" ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Flashmob av “Un violador en tu camino – Lastesis” ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall