Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergensar Hannah Emilie Grung (18), også kjent under namnet «Halie» har gjort stor suksess sidan første låta vart gitt ut i 2017.

Sidan då har ho spelt på fleire titalls festivalar, varma opp for Sigrid og i 2018 opptredde ho for første gong på TV. Først på Skavlan, så hos Lindmo.

På Lindmo spelte ho låten Not Yours. Den skreiv ho midt under #metoo, og er inspirert av ein episode med ein innpåsliten fyr på fest, som ikkje greidde ta eit nei.

– Her fekk eg sagt alt eg skulle ønska eg hadde sagt då. Dette er min power move, sa ho i programmet.

14. februar kjem ho med ein ny EP: Good Kids, som er forma av kjensla av å brått vera 18 år og «vaksen».

– Det var ikkje heilt det eg så føre meg. Meir ansvar og press som gjorde at eg måtte stå stødig på mine eigne bein, seier ho i ei pressemelding.

Den nye EP-en handlar dimed om det: om å føla seg komfortabel i ukjent terreng, og å ta tilbake identiteten sin. Halie håpar lyttarane kan få ein sjølvtillits-boost av å høyra på plata, slik som ho sjølv føler ho har fått av å laga den.

– Eg ynskjer at lyttaren skal føle at den har makta over sitt eige liv. Men ikkje berre sjølvtillit og styrke, også kjærleiken og uvissa som er livet. Livet er ikkje alltid like lett, men det er ikkje berre dumme ting heller.

Her er Halie si Musikkdagbok:

Kor mange minutt høyrer du på musikk kvar dag?
Kanskje seks timar om dagen?? Om det er studiodag, så er det heile dagen!

Favorittsjanger:
Pop/indie

Favorittband:
Panic at the disco/Havene

Første favorittlåt:
Rosa Helikopter

Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?
Den er ganske forskjellig, og veldig kul! Ikkje berre ein retning på alle saman og det likar eg veldig godt!

Første album du kjøpte sjølv:
Bratz sitt album då eg var sånn 7 år, hehe. Brukte alle bursdagspengane mine på den.

Kva syng du i dusjen?
My mind – Yebba

Verdas beste kjærleikslåt?
Put Your Hand On My Shoulder – Paul Anka <333

https://www.youtube.com/watch?v=uvxagNIBVLU

Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?
My mind – Yebba. Eller alt fra Novo Amor

Beste treningsmusikk:
Horns – Bryce Fox

Guilty pleasure:
Livin la vida loca – Ricky Martin! Classic.

Verdas mest oppskrytte band/musikar:
Anar ikkje

 

Verdas mest undervurderte band/musikar:
Railegh Ritchie, han har så sinnsjukt bra musikk! Skjønar ikkje kvifor han ikkje er større enn han er!

Han spelte Grey Worm i Game of Thrones, men han burde vera meir kjent for musikken – synest eg i alle fall.

Kva for artist (levande eller død) ville du hatt privatkonsert og middag med i stova di?
Hozier! Han virkar så chill, og musikken hans er berre til å dåna av.

Kva låt vil du ha i bryllaupet ditt?
Embody me – Novo Amor

Kva låt vil du ha i gravferda di?
Eg vil ha Anchor – Novo Amor. Nydeleg, og ikkke så trist.

Kva betyr musikk for deg?
Absolutt alt! Veit ikkje kva eg hadde gjort utan nokon type musikk.

Chris Holsten. Foto: NORA CREATIVES/Presse