«Folkeopprøret» og «Folkeopprøret mot folkeopprøret» går i same fella
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I går blei eg lagt til i «Folkeopprøret mot klimahysteriet».
Eg takka ja til invitasjonen, fordi eg likar litt action.
Om eg er på ferie og høyrer ein demonstrasjon, så går eg inn. Om alle politibilane køyrer ei retning, sjekkar eg avisene og vurderer deretter om eg skal køyre el-sparkesykkel same veg.
Andre hoppar i fallskjerm for adrenalin, eg samfunnsdebatterer. Nysgjerrigheita blir lett pirra, så eg måtte inn og kikke.
Etter å ha scrolla gjennom gruppa, trur eg at eg har fått et ganske greitt bilete av kva som går føre seg der inne.
I «Folkeopprøret mot klimahysteriet» pratar dei nedlatande om ei ung jente:


Dei deler avisartiklar frå tvilsame kjelder:

Og viktigast av alt!! Dei kallar folk som ikkje er samde med dei for idiotar:



Og no sit du, i din klimavennlege prakt, og ler av kor dumme dei er i «Folkeopprøret mot klimahysteriet». Tenk at dei sit og skriv så dumme ting på internett! Det ville aldri du gjort.
Men eg blei invitert til begge gruppene, og eg takka ja til invitasjonen til «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet» også.
I «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet» pratar dei nedlatande om ei ung jente:



Dei deler avisartiklar frå tvilsame kjelder:

Okay, kanskje ikkje den mest tvilsame kjelda, men eg tvilar automatisk på aviser som skriv halvparten av sakene sine om reality-tv og kjønnsleppeoperasjonar.
Og viktigast av alt!! Dei kallar folk som ikkje er samde med dei for idiotar:


Og du, min venstrevridde, berenettberande venn, du har likt dei innlegga, kalla dei for idiotar, og eg ser deg.
Eg veit kva for ei side eg sjølv står på, men eg likar å halde det veldig hemmeleg sånn at ingen veit heilt kor dei har meg.

Men eg skjønar også at dei på den andre sida meiner dei har like rett som eg meiner eg har.
Tommelfingerregelen min er at dersom ein veldig engasjert person ikkje kan overtale meg om at eg tek feil om noko, så kan eg heller ikkje overtale dei. Dei meiner oppriktig at dei har rett, og eg meiner oppriktig at eg har rett.
Nokon ser på Greta Thunberg som andre ser på Naomi Seibt.
Nokon meiner oppriktig at Bernie Sanders er like idiot som andre meiner Trump er.
Begge sider meiner dei baserer seg på vitskap (sjølv om det eigentleg berre er ei av sidene som ser ut til å vite kva vitskap faktisk er).
Og derfor blir det så bortkasta tid å gå i strupen på den andre sida, fordi dei har allereie bestemt seg like mykje som du har.
Politikarar kranglar ikkje i offentleg debatt for å overtyde kvarandre, dei kranglar for å overtyde dei som ikkje har bestemt seg enno. Og det burde vi også gjere, i staden for å kaste vekk dyrebar tid og energi på dei Montague/Capulet-gruppene frå helvete.
Ved å latterliggjere ein motstandar, latterliggjer ein seg sjølv i prosessen.

Så du, min venstrevridde, berenettberande venn, som har likt dei innlegga, og kalla dei for idiotar – korleis er du betre enn dei du ikkje er samd med?
Dersom vi verkeleg meiner vi baserer oss på vitskap, kunnskap og etikk – då burde det skinne gjennom i korleis vi oppfører oss i debatten.