Island vil opna for å kunne ta slektsnamn etter 95 år med forbod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit utkast til ny namnelov foreslår justisminister Áslaug Arna Sigurbjörnsdóttir å skrota det 95 år gamle forbodet mot å ta slektsnamn.

Ho foreslår òg å skrota kravet om at førenamn må bøyast i kasus, og at namn må følgja islandsk rettskriving, melder Språktidningen.

Kritikk mot namnenemnd

JustisministerÁslaug Arna Sigurbjörnsdóttir. Foto: Althingi

I dag blir patronymikon og metronymikon til vanleg brukt, noko som vil seia at det som ser ut som etternamn, blir danna av førenamnet til faren, eventuelt mora, med -son eller -dóttir til slutt.

Det inneber til dømes at Áslaug Arna Sigurbjörnsdotti sin far heiter Sigurbjörn, og at alle blir berre omtala ved førenamn, også i avisene, sidan det som ser ut som eit etternamn, eigentleg ikkje er det.

I telefonkatalogen står ein oppført etter førenamn.

Det einaste unntaket er nokre få gamle slektsnamn som har fått lov å gå i arv.

I dei siste åra er den islandske namnelova vorten utsett for stadig sterkare kritikk.

Kritikken er særleg retta mot Mannanafnanefnd, nemnda som avgjer kva for- og mellomnamn som skal tillatast.

Forstår du íslandskTest deg sjølv her!

Gamalt forbod

No foreslår altså Áslaug Arna at nemnda blir lagd ned, og ei endring av namneskikken.

Noko som blir òg oppfatta som at innverknaden til staten blir redusert og privatlivet blir verna. Dette er òg ei tilpassing til eit meir multikulturelt samfunn.

Forbodet mot å ta opp slektsnamn har eksistert sidan 1925.

Viss det nye forslaget går gjennom, vil familiar frå no av kunna ha eit felles slektsnamn, noko det i dag ikkje er moglegheit for.

Høyringsfristen for det nye lovforslaget går ut 5. mars, og Áslaug Arna Sigurbjörnsdóttir er venta å leggja det fram for Alltinget før sommaren.

Dette fotgjengarfeltet i Ísafjörður vest på Island får merksemd verda rundt. Foto: Gusti Photographia/Vegamálun GÍH