Jon Fosse er nominert til Bookerprisen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roy Jacobsen vart nominert for «De usynlige» i 2017, og no følgjer Jon Fosse etter – med nominasjon på langlista til Den internasjonale Bookerprisen – ein av dei aller mest prestisjefylte litteraturprisane i verda. Den blir delt ut til den beste skjønnlitterære boka som er omsett til engelsk.

Dårlege kritikkar i England

Fosse er ikkje ukjent med prisnominasjonar og heider, og han kan mellom anna skilte med Nordisk råds litteraturpris. Til VG seier han likevel at nominasjon til Bookerprisen er spesielt.

– Stykka mine har vorte spelte ein del i England, men har nesten alltid fått svært dårlege kritikkar – med nokre få unntak. Så eg hadde ikkje venta at ein så eigenrådig roman som «Septologien» skulle bli nominert til den viktigaste engelskspråklege prisen, som nok òg er ein av dei viktigaste litteraturprisane i verda, seier Fosse til VG.

– Eg vart overraska og glad, seier han om den umiddelbare reaksjonen.

13 nominerte på lista

Kortlista kjem 2. april. Vinnaren blir kåra 19. mai og prisen er på 60.000 pund.

Det er 13 nominerte på langlista. Jon Fosse konkurrerer med mellom anna Marieke Lucas Rijneveld og Michel Houellebecq. I 2018 var det nobelprisvinnaren Olga Tokarczuk som trekte det lengste strået i kampen om den høgthengande prisen.

Les om då 20 år gamle Jon Fosse vart far og spurde om arbeid som journalist!